Goodnight Tonight
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Goodnight Tonight» er ein song av bandet Wings med ein discoaktig til og ein gitarsolo i flamenco-stil. Singelen nådde femteplassen i både Storbritannia og USA i 1979.
Remove ads
Innspeling
«Goodnight Tonight» byrja som eit instrumentalt spor McCartney hadde spelt inn i 1978. Han trengde ein singel for Wings til albumet Back to the Egg og tok ut dette sporet som Wings så gjorde ferdig.[1] Laine og Juber la til elektrisk gitar, medan Holley la til perkusjon. Heile bandet song med på refrenget.[2] Sidan songen var over sju minuttar lang, måtte ein korte han ned for singelen, medan den fulle versjonen kom ut på 12"-versjonen av singelen. Det vart laga ein musikkvideo dder Wings spelar songen i kostyme frå 1930-åra.
Remove ads
Utgjeving
Songen kom ikkje ut på albumet Back to the Egg, og kom seinare ut på samlealbuma All the Best! (1987), Wingspan: Hits and History (2001) og Pure McCartney (2016). 7"-versjonen vart gjeven ut som bonusspor på CD-utgåva av McCartney II i 1993 som ein del av The Paul McCartney Collection. B-sida til singelen var «Daytime Nighttime Suffering». Ein lengre versjon av songen kom ut digitalt på iTunes-utgåva av Back to the Egg.
Remove ads
Salslister
«Goodnight Tonight» vart ein internasjonal hit og nådde femteplassen på både Billboard Hot 100 i USA og UK Singles Chart.[3][4] John Lennon, sa seinare at han ikkje likte songen, men syns bassen til McCartney på songen var bra.[1] Singelen selde til gullplate i USA for over ein million selde eksemplar.[5]
Innhald
- 7"-singel (R 6023)
- «Goodnight Tonight» - 4:15
- «Daytime Nighttime Suffering» - 3:19
- 12"-singel (12 YR 6023)
- «Goodnight Tonight» (Long Version) - 7:15
- «Daytime Nighttime Suffering» - 3:19
Medverkande
- Paul McCartney - solovokal, akustisk og elektrisk sologitar, bass, trommer
- Linda McCartney - harmoni- og korvokal, klaverinstrument
- Denny Laine - korvokal, sologitar
- Laurence Juber - korvokal, sologitar
- Steve Holley - korvokal, perkusjon
Salslister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads