Back to the Egg

From Wikipedia, the free encyclopedia

Back to the Egg er det sjuande og siste studioalbumet til det britisk-amerikanske bandet Wings, gjeve ut i 1979 på Columbia Records i Amerika og Parlophone i Storbritannia. Paul McCartney var produsent på albumet i lag med Chris Thomas, der McCartney byrja å vri musikken mot moderne trendar som new wave og punk. Albumet vart spelt inn med dei nye Wings-medlemmane Laurence Juber og Steve Holley. Back to the Egg er bygd kring eit laust tema om eit arbeidande band og vart spelt inn i ein særs aktiv periode for bandet med turnering og arbeid med fleire fjernsyns- og filmprosjekt.

Meir informasjon Wings-kronologi ...
Back to the Egg
Studioalbum av Wings
Språk engelsk
Utgjeve 8. juni 1979
Innspelt 29. juni 1978–februar 1979
Studio Spirit of Ranachan Studios i Campbeltown; Lympne Castle i Kent; Abbey Road Studios og Replica Studio i London
Sjanger Rock
Lengd 42:01
Selskap Columbia (USA)
Parlophone (Storbritannia)
Produsent Paul McCartney, Chris Thomas
Wings-kronologi 
Wings Greatest
(1978)
Back to the Egg McCartney II
(1980)


Lukk
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic[1]
Billboard«Spotlight»[2]
Robert ChristgauC[3]
Creem(positiv)[4]
The Essential Rock Diskografi5/10[5]
Melody Maker(negativ)[6]
MusicHound1/5[7]
Q[8]
Rolling Stone(særs negativ)[9]
The Rolling Stone Album Guide[10]
Smash Hits6/10[11]
Lukk

Innspelinga av albumet byrja i juni 1978 og varte nesten eitt år. Innspelinga fann stad i Spirit of Ranachan Studios i Skottland, Lympne Castle i Kent og Abbey Road Studios og Replica Studio i London. Det sistnemnde vart bygd av McCartney som ein eksakt kopi av Abbey Road Studio 2, då dette ikkje var tilgjengeleg. Wings vendte attende til Abbey Road i mars 1979 for å fullføre albumet. Dei filma så inn fleire musikkvideoar i Lympne og andre stader, som vart til fjernsynsshowet Back to the Egg.

Back to the Egg fekk negativ kritikk då det kom ut. Sjølv om albumet nådde høgt på listene verda over og selde til platinaplate i USA, vert det rekna som kommersielt mislukka samanlikna med tidlegare Wings-album. Av singlane – «Old Siam, Sir», «Getting Closer» og «Arrow Through Me» – var det berre «Getting Closer» som nådde Topp 20 i Storbritannia eller Amerika. Songen «Rockestra Theme» vart spelt inn med ei rekkje gjestemusikarar frå The Who, Led Zeppelin og Pink Floyd og vann Grammyprisen for beste rockeinstrumental i 1980.

Wings turnerte i Storbritannia for å marknadsføre albumet, men den planlagde verdsturneen enda i januar 1980, då McCartney vart arrestert i Japan for innehaving av marijuana.[12] Gruppa vart oppløyst tidleg året etter. Back to the Egg kom ut på ny i 1993, med bonusspor, og i 2007 for iTunes med singelen «Goodnight Tonight».

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Side ein («Sunny Side Up»)
Nr.TittelLengd
1.«Reception»1:08
2.«Getting Closer»3:22
3.«We're Open Tonight»1:28
4.«Spin It On»2:12
5.«Again and Again and Against» (Denny Laine)3:34
6.«Old Siam, Sir»4:11
7.«Arrow Through Me»3:37
Lukk

Alle spor skrivne av Paul McCartney, utanom der andre nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Side to («Over Easy»)
Nr.TittelLengd
8.«Rockestra Theme»2:35
9.«To You»3:12
10.«After the Ball / Million Miles»4:00
11.«Winter Rose / Love Awake»4:58
12.«The Broadcast»1:30
13.«So Glad to See You Here»3:20
14.«Baby's Request»2:49
Lukk
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Bonusspor på The Paul McCartney Collection frå 1993
Nr.TittelLengd
15.«Daytime Nighttime Suffering»3:23
16.«Wonderful Christmastime»3:49
17.«Rudolph the Red-Nosed Reggae» (Johnny Marks)1:48
Lukk
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Bonusspor på iTunes i 2007
Nr.TittelLengd
18.«Goodnight Tonight» (extended version)7:16
Lukk

Medverkande

Wings og personell per Benitez.[13] Rockestra-besetninga i omslaget.[14]

Wings

Andre medverkande

Rockestra-besetninga på «Rockestra Theme» og «So Glad to See You Here»

Produksjon

Salslister og salstrofé

Meir informasjon Liste (1979), Plassering ...

Vekeslister

Liste (1979) Plassering
Australske Kent Music Report[16] 3
Den austerrikske albumlista[17] 12
Den kanadiske RPM-lista[18] 2
Den nederlandske albumlista[19] 11
Den franske SNEP-lista[20] 11
Den italienske FIMI-lista[21] 10
Den japanske Oricon-lista [22] 7
Den newzealandske albumlista[23] 9
Den norske VG-lista[24] 5
Den spanske albumlista[25] 7
Den svenske albumlista[26] 5
UK Albums Chart[27] 6
US Billboard 200[28] 8
Den vesttyske Media Control-lista[29] 16

Årslister

Liste (1979) Plassering
Den australske albumlista[16] 22
Den kanadiske albumlista[30] 20
Den franske albumlista[31] 17
Den italienske albumlista[21] 37

Salstrofé og salstal

} }
Region SalstroféSalstal
Japan (Oricon Charts) 74,000[22]
Canada (Music Canada)[32] 2× Platina 200 000^
Storbritannia (BPI)[33] Gull 100 000^
USA (RIAA)[34] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Lukk

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.