Godfrey Khotso Mokoena

From Wikipedia, the free encyclopedia

Godfrey Khotso Mokoena
Remove ads

Godfrey Khotso Mokoena (fødd 6. mars 1985) er ein sørafrikansk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i lengdehopp og tresteghopp. Han vann sølvmedaljen i lengde-tevlinga både under Sommar-OL 2008 og i Friidretts-VM 2009.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Åra 2005-15 var Mokoena ein av verdas beste lengdehopparar. Han var på sitt aller sterkaste sesongane 2008 og 09. Våren 2008 vann han øvinga ved innandørs-VM i Valencia med eit hopp på 8,08 meter. Under dei olympisk leikane 2008 i Beijing strekte han seg til 8,24 m, nok til å ta sølvmedaljen. I byrjinga av juli 2009 presterte han 8,50 meter og livsbeste ved eit storstemne i Madrid. Sju veker seinare hoppa han nesten like langt under verdsmeisterskapen i Berlin, med 8,47 m sikra han seg sølvmedaljen med god margin.

Mokoena var elles ein framifrå tresteghoppar som i 2005 sette personleg rekord med eit hopp på 17,35 meter. Sesongen 2014 vann han øvinga både under samveldeleikene i Glasgow og i afrikameisterskapen i Marrakech.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads