From Wikipedia, the free encyclopedia
Glastonbury 2000 er eit konsertalbum av den engelske musikaren David Bowie. Det vart spelt inn søndag kveld 25. juni 2000 då Bowie var hovudartisten på Glastonburyfestivalen. Albumet var første gongen heile videoen og heile konserten kom ut, 18 år etter konserten. Konserten vart kringkasta i sin heilskap for første gongen på BBC2 den 28. juni 2020.[1][2]
Glastonbury 2000 Konsertalbum av David Bowie | ||
Utgjeve | 30. november 2018 | |
Innspelt | 25. juni 2000 | |
Studio | RCA Mobile | |
Spelestad | Pilton i Somerset i England | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 114:16 | |
Selskap | Parlophone | |
Produsent | Tony Visconti | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Loving the Alien (1983–1988) (2018) |
Glastonbury 2000 | Spying Through a Keyhole (2019) |
Konsertalbum av David Bowie-kronologi | ||
Welcome to the Blackout (Live London '78) (2018) |
Glastonbury 2000 | Ouvrez le Chien (Live Dallas 95) (2020)
|
Glastonbury 2000 Video av David Bowie | ||
Utgjeve | 2018 | |
Innspelt | 2000 | |
Sjanger | rock | |
Selskap | Parlophone | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
VH1 Storytellers (2009) |
Glastonbury 2000 |
|
Publikumstalet på Glastonbury dette året var estimert til å ha vore 250 000.[3] Bowie bad pianisten Mike Garson om å «varme opp publikum» før hans eigen konsert starta, slik Garson hadde gjort før den siste Ziggy Stardust-konserten nesten 30 år tidlegare.[4]
Glastonbury-organisatoren Emily Eavis sa, «Eg har ofte blitt spurt om kva den beste konserten eg har sett her på Glastonbury er, og det er alltid Bowie-konserten i 2000 eg tenkjer på først. Han var trollbindande. Han fekk absolutt heile det enorme publikummet oppslukt. Eg trur Bowie hadde eit særs djupt forhold til Worthy Farm og han fortalte meg nokre fine soger frå første gongen han var på festivalen i 1971, då han budde på det kjende gardshuset og spelte kl. 06 om morgonen medan sola kom opp. Og han spelte berre den perfekte konserten her. Det var verkeleg spesielt og kjenslemessig.»[5] Garson sa at av alle konsertane han hadde spelt med Bowie var Glastonburykonserten hans favoritt.[6]
Faren til Emily Eavis, Michael, som skipa festivalen, møtte Bowie første gongen på Glastonbury i 1971. Han sa: «Han er ein av dei tre største gjennom tidene: Frank Sinatra, Elvis Presley og David Bowie.»[5]
Alle songane skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Introduction (Greensleeves)» (Framført av Mike Garson) | Trad. | 1:48 |
2. | «Wild Is the Wind» | Dimitri Tiomkin, Ned Washington | 6:54 |
3. | «China Girl» | Bowie, Iggy Pop | 4:24 |
4. | «Changes» | 3:40 | |
5. | «Stay» | 7:12 | |
6. | «Life on Mars?» | 4:42 | |
7. | «Absolute Beginners» | 7:50 | |
8. | «Ashes to Ashes» | 5:21 | |
9. | «Rebel Rebel» | 4:12 | |
10. | «Little Wonder» | Bowie, Reeves Gabrels, Mark Plati | 3:57 |
11. | «Golden Years» | 4:07 | |
Total lengd: | 54:07 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
12. | «Fame» | Bowie, Carlos Alomar, John Lennon | 4:25 |
13. | «All the Young Dudes» | 3:43 | |
14. | «The Man Who Sold the World» | 3:51 | |
15. | «Station to Station» | 9:49 | |
16. | «Starman» | 4:50 | |
17. | «Hallo Spaceboy» | Bowie, Brian Eno | 5:28 |
18. | «Under Pressure» | Roger Taylor, Freddie Mercury, Bowie, John Deacon, Brian May | 5:23 |
19. | «Ziggy Stardust» | 3:54 | |
20. | «“Heroes”» | Bowie, Eno | 5:57 |
21. | «Let's Dance» | 7:06 | |
22. | «I'm Afraid of Americans» | Bowie, Eno | 5:43 |
Total lengd: | 60:09 (114:16) |
Liste (2018) | Plassering |
---|---|
Austerrikske album (Ö3 Austria)[7] | 50 |
Belgiske album (Ultratop Flandern)[8] | 18 |
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[9] | 30 |
Tsjekkiske album (CNS IFPI)[10] | 49 |
Nederlandske album (MegaCharts)[11] | 19 |
Franske album (SNEP)[12] | 56 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[13] | 31 |
Ungarske album (MAHASZ)[14] | 28 |
Irske album (IRMA)[15] | 34 |
Italienske album (FIMI)[16] | 32 |
Portugisiske album (AFP)[17] | 21 |
Skotske album (OCC)[18] | 23 |
Spanske album (PROMUSICAE)[19] | 46 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[20] | 39 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[21] | 53 |
Britiske album (OCC)[22] | 25 |
US Top Alternative Albums (Billboard)[23] | 21 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.