From Wikipedia, the free encyclopedia
«Greensleeves» er ei tradisjonell engelsk folkevise. Melodien vert spelt over ein grunnbass som anten er på ei form kalla ein romanesca eller ein variant kalla passamezzo antico. Romanesca-varianten har opphavet sitt i Spania[1] og bestå av ein sekvens av fire akkordar med ein enkel, repeterande bass.
Ei skillingsvise med dette namnet vart registrert hos London Stationer's Company i september 1580[2] av Richard Jones, som «A Newe Northen Dittye of ye Ladye Greene Sleves».[3] Seks balladar til følgde mindre enn eit år etter, ein på same dagen, 3. september 1580 («Ye Ladie Greene Sleeves answere to Donkyn hir frende» av Edward White), så 15. og 18. september (av Henry Carr og igjen av White), 14. desember (Richard Jones igjen), 13. februar 1581 (Wiliam Elderton) og august 1581 (det tredje bidraget til White, «Greene Sleeves is worne awaie, Yellow Sleeves Comme to decaie, Blacke Sleeves I holde in despite, But White Sleeves is my delighte»).[4] Han finst så i A Handful of Pleasant Delights (1584), som framleis eksisterer, som A New Courtly Sonnet of the Lady Green Sleeves. To the new tune of Green Sleeves.
Melodien finst i fleire kjelder frå slutten av 1500- og tidleg på 1600-talet, som Ballet's MS Lute Book og Het Luitboek van Thysius, i tillegg til fleire manuskript som er bevarte i Seeley Historical Library ved University of Cambridge.
Det har lenge vore trudd at «Greensleeves» vart komponert av Henrik VIII for kjærasten og den framtidige dronninggemalen Anne Boleyn.[5] Boleyn skal ha avslått kong Henrik sine forsøk på å forføre henne, og det er denne avvisninga som kan vere referert til i songen. Men stykket er basert på ein italiensk komposisjonsstil som ikkje nådde England før etter Henrik døydde, så han er meir truleg å vere skrive seinare.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.