From Wikipedia, the free encyclopedia
Gan er ei gruppe kinesiske dialektar tala i større delar av nordre og sørvestre Kina. Måla er særleg typiske for Jiangxi-provinsen, og blir også kalla Jiangxi-dialekt. Ein finn også talarar nordvest i Fujian og i nokre delar av Anhui og Hubei.
Som mange andre språk i Kina har gan vore rekna som ein dialekt av kinesisk av forskarar og styresmakter der. Det har same skriftspråk som mandarin, men talarar av dei to måla vil ikkje forstå kvarandre. Språkforskarar klassifiserer gjerne gan som eit eige språk, eller eit språk i lag med hakka, «gan-hakka».
Gan er eit tonespråk som har fem tonar, i tillegg til to tonar som er like to andre men som endar med konsonantlyden /t/ eller /k/.
norsk | gan[2] | IPA | mandarin (pinyin, IPA)[3] |
---|---|---|---|
eg | 我 | ŋo | wǒ, uɔ˨˩˦ |
du | 汝 | n̩ | nǐ ni˨˩˦ |
me | 我俚 | ŋo li | wǒmen, uɔ˨˩mən |
de | 汝俚 | n̩ li | nǐmen, ni˨˩mən (uformelt) nínmen nɪn˧˥mən (formelt) |
ein | 一 | it | yī, ji˥˥ |
to | 二 | o | èr, aɻ˥˩ liǎng liaŋ˨˩˦ |
tre | 三 | san | sān, san˥˥ |
fire | 四 | sɿ | sì, sɨ˥˩ |
fem | 五 | ŋ̍ | wǔ, wu˨˩˦ |
dyr | 頭牲 | tʰɛu saŋ | dòngwù, tʊŋ˥˩wu˥˩ |
fisk | 魚 | ɳiɛ | yú, y˧˥ |
fugl | 雀子 | ʨʰiok ʦɿ | niǎo, niau˨˩˦ |
tre | 樹 | su | shù, ʂu˥˩ |
blome | 花 | fa | huā, xua˥˥ |
vatn | 水 | sui | shuǐ, ʂuei˨˩˦ |
å gå | 行, 走 | haŋ, ʦɛu | zǒu, tsou˨˩˦ |
å symja | 頑水 | uan sui | yóuyǒng, iou˧˥yʊŋ˨˩˦ |
å eta | 喫 | ʨʰiak | chī, tʂʰɚ˥˥ |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.