From Wikipedia, the free encyclopedia
Formel 1, forkorta F1 (engelsk Formula One), er den øvste klassen i motorsport som vert regulert av Fédération Internationale de l'Automobile (FIA). Med ordet Formel meiner ein eit sett av reglar som både bilar og utøvarar må oppfylle.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Treng oppdatering |
Formel 1 | |||
| |||
| |||
Skipa | 1950 | ||
---|---|---|---|
Adm.dir. | Stefano Domenicali (1. januar 2021) | ||
Nettstad | https://www.formula1.com |
Kvart år sidan 1950 har verdsmeisterskapen Formel 1 gått føre seg ved ei rekkje løp, kalla Grand Prix, på ei rekkje motorbaner rundt om i verda. Unntaket er Monaco Grand Prix og Melbourne Grand Prix som går føre seg på stengde byvegar. Ved slutten av kvart løp vert dei tre beste sjåførane premiert. Poeng vert rekna ut både til dei som køyrer og til bilkonstruktørane.
Når alle løp er køyrde ved slutten av sesongen, vert den utøvaren som har sanka flest poeng kåra som verdsmeister, det same gjeld for bilkonstruktørane. Det er difor stor prestisje blant bilfabrikantar å delta i og vinne Formel 1, og sporten er verdas dyraste motorsport.
Formel 1 er ein særs populær sport i fjernsyns-samanheng, og løpa vert sett av mange millionar menneskje i mange land. Bilane konkurrerer i særs høge hastigheiter, ofte over 300 km/t, og førarane vert utsett for store G-krefter i svingane og ved innbremsing. Regelsettet i Formel 1 legg ei rekkje restriksjonar på både bilar og førarar, for å halde dei stadig aukande hastigheitene på eit samtidig trygt nivå.
Bilane som vert brukte i Formel 1-løpa er einseters opne bilar med friliggjande hjul. Føraren av bilen er plassert framføre motoren. Understellet er laga av karbonfiber, som er lett, men samtidig er det stivt og sterkt. Etter regelverket skal heile bilen, førar, motor og drivstoff inkludert, ikkje vege mindre enn 600 kg.
Tradisjonelt er sporten staden der verdas største bilfabrikantar, som Ferrari og Mercedes, konkurrerer om å utvikla den beste bilen. Ved sida av dei store bilfabrikantane finst det og privateigde lag. Desse laga konstruerer sine eigne bilar, men har som regel motorar levert frå bilfabrikantar. Kjende private lag som har gjort det stort innan F1, er McLaren og Williams.
Spesifikasjonane for motorane har endra seg ein god del gjennom åra. Dagens motorar er 1,6 liters V6 motorar, med turbo. Motorane kan køyrast opp til 15 000 omdreiingar. Frå og med 2009-sesongen er reglane slik at motoren skal halde i tre løp. Byter ein motor før denne tida, må føraren av bilen starte neste løp 10 plassar lenger bak, enn det ein kvalifiserte for.
Bilane i Formel 1 får ikkje ha eigne innebygde startsystem, men må startast av utstyr anten i pit-leiren eller ved startoppstillinga.
I dag er det vanleg at fleire lag køyrer med same motor. Mercedes leverer til dømes motorar til Williams-racing i tillegg til seg sjølv. Dette gjer motorleverandørane for å få inn meir data til å utvikle motorane med, men også for å tene pengar. På same tida slepp mindre lag tid og utgifter på utvikle sine eigne motorar
Dekka har stor betydning for farten og køyreeigenskapane til bilen. Dagens dekk i Formel 1 skal bruke mønsterlause dekk (såkalla slicks), med mindre det er regn.
I byrjinga var det fire forskjellige dekkprodusentar som leverte dekk til dei ulike Formel 1-laga: Dunlop, Firestone, Pirelli, Englebert. Etterkvart har dekkprodusentar kome til og falle frå. Frå 1999 var Bridgestone og Michelin dei einaste dekkleverandørane, fram til 2007-sesongen då FIA bestemte at det berre skulle vere ein leverandør til alle laga, for å spare kostnader innan sporten. Dekkleverandørar fekk moglegheita til å søkje om å få levere dekk. Michelin hadde alt i 2005 bestemt seg å få trekkje seg ut etter 2006-sesongen og leverte såleis ikkje inn noko søknad. Dei siste årane er det Pirelli som har stått for dekka.
Dekkfabrikant | Land | Årstal |
---|---|---|
Avon | Storbritannia | 1954, 1956-1957, 1959, 1981 |
Bridgestone | Japan | 1976-1977, 1997-2008 |
Continental | Tyskland | 1954-1955, 1958 |
Dunlop | Storbritannia | 1950-1970, 1976-1977 |
Englebert | Belgia | 1950-1958 |
Firestone | Sambandsstatane | 1950-1960, 1966-1974 |
Goodyear | Sambandsstatane | 1967-1998 |
Michelin | Frankrike | 1977-1984, 2001-2006 |
Pirelli | Italia | 1950-1958, 1981-1986, 1989-1991 |
Bilane si evne til å ta svingen vert i stor grad avgjord av det aerodynamiske marktrykket som presser bilen ned mot bana. For å oppnå eit optimalt marktrykk, har bilane vinger framfor framhjula og også bak på bilen.
Formel 1 utøvarar må ha ei veldig god fysisk og psykisk helse. Ein må dessutan også ha ein superlisens frå FIA for å kunne køyre. FIA gjev ut superlisensar ved etterspørsel. Det er likevel ikkje opp til kven som helst å få ein superlisens. Reglementet krev at søkjaren må anten vere regjerande verdsmeister i ei lågare motorport, til dømes innan Formel 3 eller GP2 Serien (tidlegare kjend som Formel 3000) eller fullført godt jamnt over.
Dessutan kan utøvarar frå Champ Car eller Indy Racing League søkje om superlisens om dei har fullført som nummer seks eller betre i førarmeisterskapen der. Dette vart gjort mogleg slik at amerikanske motorsportutøvarar kan delta utan å måtte byrje i dei lågare FIA-regulerte klassane.
Berre ved heilt spesielle tilfelle vert ein superlisens gjeve ut utanfor desse kriteria. Dette for å sikre at utøvarar har dei naudsynte ferdigheitene og ikkje er ein fare for andre deltakarar
Dei fleste av utøvarane i Formel 1 sluttar rundt midten av 30-åra. Mange vel å fortsetje i motorsportsgreiner som er mindre fysisk utfordrande. Både Gerhard Berger og Alain Prost har etter at utøvarkarrieren tok slutt, returnert til Formel 1 som eigarar av sine eigne Formel 1-lag.
Eit Formel 1 løp, ofte kalla Grand Prix, går føre seg ved å køyre eit visst tal rundar, som ofte er på ei lukka asfaltert bane. Start og mållinja er ved ei rett strekning, deretter føl som regel pit-leiren, der bilane skifte dekk og gjere andre justeringar på bilen som kan vere naudsynt. Elles varierer dei ulike banene både i lengda og i utforminga av bana.
Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2024 | ||||||||||
Ferrari | Kick Sauber | Alpine | Williams | Red Bull | RB | Mercedes | Aston Martin | McLaren | ||
16 Charles Leclerc 55 Sainz |
2 Sargeant 23 Albon |
1 Verstappen 11 Pérez |
44 Hamilton 63 Russell |
14 Alonso 18 Stroll |
4 Norris 63 Piastri |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.