From Wikipedia, the free encyclopedia
Eino Einari Kirjonen (25. februar 1933–21. august 1988) var ein finsk skihoppar frå Björkö. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 1961/62. Mellom 1955 og 1962 vart han finsk meister fire gongar.
Eino Kirjonen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 25. februar 1933 Primorsk |
Død |
21. august 1988 (55 år) |
Yrke | skihoppar, boballspiller, langrennsløpar |
Høgd | 164 centimeter |
Eino Kirjonen på Commons |
Kirjonen vart nummer to i nyttårshopprennet 1954 i Garmisch-Partenkirchen. Same plasseringa fekk han også samanlagt i den tysk-austerrikske hoppveka 1953/54, begge gongane var det Olaf B. Bjørnstad som toppa resultatlistene. Sidan i 1954 vart Kirjonen nummer to i Lahti-rennet, bakom den ferske verdsmeisteren Matti Pietikäinen. Kirjonen fekk to andreplassar og ein tredjeplass i renn under den tysk-austerrikske hoppveka 1954/55, men vart likevel nummer to samanlagt, 2,8 poeng bakom landsmannen Hemmo Silvennoinen. Seinare i 1955-sesongen vann han i hopprennet Lahti-spelen og fekk delt andreplass i Holmenkollen bak landsmannen Aulis Kallakorpi.
I opningsrennet i hoppveka 1955/56 delte Kirjonen sigeren i rennet i Oberstdorf med Kallakorpi. Han kom deretter på andreplass i Garmisch-Partenkirchen, etter dette rennet reiste dei finske skihopparane vidare. Under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo kom han på sjuandeplass, landsmennene Antti Hyvärinen og Kallakorpi sikra finsk dobbeltsiger. Kirjonen vart til sist i OL-sesongen nummer to i Lahti, poenget bak Silvennoinen og poenget framom Juhani Kärkinen.
Nyårsdag 1957 vart Kirjonen nummer to i Garmisch-Partenkirchen, like bakom Nikolaj Kamenskij frå Sovjetunionen. Rollene var omsnudd i Innsbruck, der Kirjonen tok ein klar siger føre Kamenskij. Kirjonen oppnådde 862,1 poeng i hoppveka 1956/57, og enda 0,7 poeng bakom landsmannen Pentti Uotinen som tok sin fyrste og einaste store hopptriumf. Same sesongen vann Kirjonen den finske meisterskapen i skihopping for andre gong. I Holmenkollen 1957 kom han på andreplass bak austtyske Helmut Recknagel. Kirjonen oppnådde to nye andreplassar i renn i hoppveka 1958/59; høvesvis Oberstdorf og Bischofshofen. Han vart i 1960 finsk meister for tredje gong.
I 1962 lukkast Kirjonen med å vinne den tysk-austerrikske hoppveka. Han vann rennet i Oberstdorf og sigra samanlagt med 865,1 poeng, nærare tolv poeng føre Willi Egger frå Austerrike. Same året vann han den finske meisterskapen for fjerde gong og kom på andreplass i Svenska skidspelen i Falun, men var heile 16 poeng bakom vinnaren Toralf Engan. Kirjonen deltok siste gong i den tysk-austerrikske hoppveka 1964/65 og vart nummer tolv i Garmisch-Partenkirchen.
Han døydde i Kouvola i 1988, 55 år gammal.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.