From Wikipedia, the free encyclopedia
Aulis Arnold Kallakorpi, fødd Nuutinen, (1. januar 1929–15. mai 2005) var ein finsk skihoppar frå Kuusankoski. Han tok sølvmedaljen i skihopping under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Kallakorpi var ein «dei flygande finnane», som under trenaren Lasse Johansson revolusjonerte hoppsporten ved å ta i bruk den såkalla aerodynamiske stilen.
Aulis Kallakorpi | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 1. januar 1929 Kuusankoski |
Død |
15. mai 2005 (76 år) |
Yrke | skihoppar |
Kallakorpi vann sølvmedaljen under den finske skimeisterskapen i 1952. Året etter vann han ein klar siger i hopprennet i Lahti-spelen. I VM i Falun i 1954 vart han nummer 30.
Kallakorpi deltok i den tysk-austerrikske hoppveka i fire år på rad, frå 1953/54 til 1956/57. I si fyrste hoppveka kom han som best på tredjeplass i opningsrennet. Han kom tilbake året etter og vann dei to fyrste renna i hoppveka; i Oberstdorf 30. desember 1954 og i Garmisch-Partenkirchen to dagar seinare. Kallkorpi kopierte sigeren i Oberstdorf i romjula 1955, ein siger han delte med landsmannen Eino Kirjonen. Samanlagt vart Kallakorpi nummer fire i 1953/54, nummer tre i 1954/55, samt nummer sju i 1956/57; i 1955/56 deltok finnane berre i dei to renna i Vest-Tyskland.
Kallakorpi vann Holmenkollrennet i 1955, to poeng føre Torbjørn Falkanger og landsmannen Kirjonen. Sesongen etter var han tilbake i Kollen og kom på delt tredjeplass, landsmannen og olympiameisteren Antti Hyvärinen sigra. I mellomtida hadde Kallakorpi fått sølvmedaljen i olympiaden i Cortina d'Ampezzo under 1956, bakom nettopp Hyvärinen.
Kallakorpi døydde i St. Michel i 2005.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.