Primorsk
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.
Primorsk (russisk Приморск, finsk Koivisto, svensk Björkö[1]) er ein by i Leningrad oblast i Russland og den største russiske hamna ved Austersjøen. Han har om lag 5000 innbyggjarar. og ligg på Det karelske neset, 137 km vest for Sankt Petersburg, på nordkysten av Finskebukta.
Primorsk Приморск | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Leningrad oblast | |
Først nemnd i Bystatus |
1268 1940 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
5 350 | |
Koordinatar | 60°22′N 28°37′E | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 188910 | |
Retningsnummer (tlf) | +7 81378 | |
Nettstad: www.primorsk.ru |
Busetnaden vart først nemnd i russiske kjelder som Berjozovskoje («Bjørkelandsby») i 1268, då dei tyske handelsmennene frå Gotland bad republikken Novgorod om å sikre passasjen deira til elva Neva. Svenskane annekterte regionen under det tredje svenske krosstoget. Russarane tok tilbake byen og øyane utanfor ved slutten av den store nordiske krigen i 1721. Så delte byen skjebne med resten av Det karelske neset, det vil sei at han etter krigen 1808-1809 vart innlemma i Storfyrstedømet Finland.
Primorsk utvikla seg på 1900-talet som ei uthamn for byen Viborg og var i første halvdelen av 1900-åra ein av dei mest framståande sjøfartsbyane i Finland, men ved Moskvafreden i 1940 måtte Finland avstå byen til Sovjetunionen. Under framhaldskrigen flytta mange finnar attende til byen, men etter våpenstillstanden i 1944 vart området overdrege til Sovjetunonen att.
Primorsk er heimstad for den største oljeterminalen i Austersjøen, som vart utvikla av Putin-administrasjonen som endestasjon for røyrleidningssystemet, til ein pris på 2 000 000 000 USD. Terminalen starta drifta i desember 2001 og hadde utmanøvrert Ventspils og andre utanlandske rivalar i løpet av eitt år.[2]