Neva
elv i nordvest-Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
elv i nordvest-Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
Neva (russisk Нева́) er ei elv nordvest i Russland, som renn frå innsjøen Ladoga gjennom vestlege delar av Leningrad oblast og byen St. Petersburg til Finskebukta. Trass i at ho er kort, er ho den tredje største elva i Europa ut frå middelvassføring, etter Volga og Donau.
Neva | |||
elv | |||
Lev Lagorio. Moon Night on the Neva (1898). | |||
Land | Russland Finland Kviterussland | ||
---|---|---|---|
Del av | Unified Deep Water System of European Russia | ||
Nedslagsfelt | 282 000 km² | ||
Lengd | 74 km | ||
Middelvassføring | 2 600 m³/s | ||
Kjelde | Ladoga | ||
• høgd | 4 moh. | ||
Munning | Finskebukta | ||
Neva 59.9567°N 31.0456°E | |||
Wikimedia Commons: Neva River | |||
Neva er 74 km lang. 28 km av elva renn innanfor bygrensene til St. Petersburg, medan resten ligg innanfor Leningrad oblast. Ho renn sørvestover frå Ladogoa og når det sørlegaste punktet sitt der ho renn saman med Tosna og svingar så nordvestover og ut i Finskebukta. I snitt er elva 400 til 600 meter brei og på det meste 1,2 km. Middeldjupna er 8-11 meter, og på det meste 24 meter. Nedslagsfeltet til Neva inkluderer innsjøane Ladoga og Onega, dei to største i Europa, og dekkjer eit stort område av Nordvest-Russland og Sør-Finland.
Øyane i Neva-deltaet som er danna av både naturlege greiner og kunstige kanalar utgjer den historiske delen av St. Petersburg. Dei største greinene er
Dei viktigaste kanalane og småelvane er
Av dei nemneverdige øyane finn ein
Neva har 26 sideelvar. Dei største av desse er
Neva er ei ung elv som oppstod for mellom 4000 og 2000 år sidan, då Ladoga voks og brote gjennom ved Porogi i dei nedre delane av elv Izjora, som då var ei elv som rann direkte ut i Finskebukta gjennom dei nedre delane av dagens Neva. I følgje nyare date skjedde dette for 3100 radiokarbonår sidan (3410-3250 kalenderår sidan).[1]
I mellomalderen var den store elva viktig som ein del av handelsvegen mellom Austersjøen og Volga-portagane til Austen. Samløpet mellom Neva og Izjora var åstad for det kjende, men dårleg dokumenterte slaget ved Neva (1240) mellom svenskane og russarane. Aleksander Jaroslavitsj, fyrste av Novgorod, vann slaget og tok tittelen sin Nevskij (som tyder «av Neva») etter denne hendinga.
På 1500-talet bygde svenskane festninga Nyen ved munningen av Neva og ved inngangen til Ladoga låg den russiske festninga Oresjek, seinare kalla Sjlisselburg. Nyen vart øydelagd av Peter den store og etterpå grunnla han Peter-Paulfestninga i 1703. Ved Zajatsjijøya vert denne festninga rekna som den første bygningen i dagens St. Petersburg. Det var òg Peter som gav ordre om å byggje Ladogakanalen, som knytte Neva til elvane Volkhov og Svir fleire kilometer sør for Ladoga.
Neva er den mest nordvestlege delen av Volga-Austersjø-kanalen, som går mellom Volga og Austersjøen. Denne vassvegen er seglbar for sjølv dei største elveskipa og er ein viktig del av innlandstransport mellom St. Petersburg og Moskva. Mange passasjerfartøy nyttar vassvegen i lag med store transportskip.[2]
Midtvinters frys elva til og kan ikkje nyttast til transportføremål.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.