Svir

From Wikipedia, the free encyclopedia

Svir

Svir (russisk Свирь, finsk Syväri, estisk Sviri) er ei elv i Leningrad oblast i Russland. Elva er 224 km lang og har eit nedslagsfelt84 400 km². Svir renn frå Onega og vestover til Ladoga, og renn dermed mellom dei to største innsjøane i Europa. Elva har ei middelvassføring på 785 m³/s og er den største elva som munnar ut i Ladoga.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Svir
elv
Thumb
Land  Russland
Nedslagsfelt 84 400 km²
Lengd 224 km
Middelvassføring 785 /s
Kjelde Onega
Munning Ladoga
Thumb
Svir
61.008888888889°N 35.491666666667°E / 61.008888888889; 35.491666666667
Wikimedia Commons: Svir River
Lukk

Heilt sidan Peter den store knytte saman elvane Svir og Neva med Ladogakanalen har elva vore ein del av Volga-Austersjøkanalen og forløparane til denne. Det er to vasskraftverk langs Svir.

Elva passerer Aleksandr-Svirskij-klosteret, som pleide å hyse Svirlag, ein av dei mest frykta gulagane. Områda rundt elva var åstad for kraftige kampar under den finske framhaldskrigen frå 1941 til 1944.

Største sideelvar

Byar langs Svir

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.