From Wikipedia, the free encyclopedia
Egil Kristiansen (fødd 18. januar 1966) i Lillehammer er ein norsk langrennstrenar og tidlegare langrennsløpar. Den beste individuelle prestasjonen hans i løypa er 8. plassen på 30 km under dei olympiske leikane på Lillehammer i 1994.
Egil Kristiansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. januar 1966 (59 år) Lillehammer kommune |
Idrett | langrenn, skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Ski-VM 1995 |
Utmerkingar | NIVs Ærespris |
Kristiansen vann to sølvmedaljar i noregsmeisterskap, begge på 10 km, og ein bronsemedalje.
Kristiansen la opp som langrennsløpar i 2001 og vart deretter tilsett i trenarteamet kring det norske kvinnelandslaget i langrenn. År 2005 tok han over som norsk landslagstrenar i langrenn for kvinner, eit syssel han innehar framleis (2011).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.