From Wikipedia, the free encyclopedia
Dombås er eit sokn og ein tettstad i Dovre kommune, nørdst i Gudbrandsdalen i Oppland i Innlandet fylke.
Dombås | |||
tettstad | |||
Dombås sett mot sør | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Dovre | ||
Areal | 1,57 km² | ||
Folketal | 1 145 (2023) | ||
Folketettleik | 729 / km² | ||
Postnummer | 2660 DOMBÅS | ||
Preposisjon | på Dombås | ||
Dombås 62.066666666667°N 9.1333333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Dombås | |||
Domåsgrendi og Blestergrendi høyrde opphavleg til Lesja sokn, men i 1861 blei dei overflytta til Dovre sokn[1]. Etter etableringa av jernbanen og den etterfølgjande folkeauken på Dombås kom ønske om eiga kyrkje og i 1939 blei Dombås kyrkje vigsla. I seinare år har Dombås også blitt utskilt frå Dovre som eit sokn for seg sjølv, med om lag 1 410 innbyggjarar (2013). Soknegrensa går omtrent langsmed Tungbekken og Hjellåi på høvesvis vestsida og austsida av Gudbrandsdalslågen.
Tettstaden Dombås ligg like aust for Gudbrandsdalslågen, og er med sine 1 145 innbyggjarar per 1. januar 2023 den folkerikaste i kommunen. Han er eit trafikknutepunkt mellom Austlandet, Trøndelag og Vestlandet: Hovudårene mellom Oslo i sør og Trondheim i nord, E6 og Dovrebanen, blir her møtt av E136 og Raumabanen som kjem frå Romsdal i vest.
Tettstaden er opphavleg ein stasjonsby som voks fram etter at Dombås stasjon opna i 1913.
Folketalsutvikling i Vågåmo | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1920 | 225 | |||
1930 | 321 | |||
1946 | 419 | |||
1950 | 502 | |||
1960 | 664 | |||
1970 | 1 114 | |||
1980 | 1 176 | |||
1990 | 1 178 | |||
2000 | 1 014 | |||
2009 | 1 116 | |||
2012 | 1 185 | |||
Kjelder: |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.