From Wikipedia, the free encyclopedia
Efrat (hebraisk אפרת, tidlegare Efrata (hebraisk skrift אֶפְרָתָה) er ei israelsk busetjing og ein lokal kommune i Judeafjella på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart grunnlagt i 1983. Folketalet er 8500.(2010) Efrat vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten. Efrat ligg 12 km sør for Jerusalem, mellom Betlehem og Hebron, 6,5 km aust for the Den grøne linja. Den israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda svingar austom Efrat, og skil dermed busetjinga frå resten av Vestbreidda. Busetnaden ligg 960 meter over havet.
Efrat | |||
אֶפְרָת, אֶפְרָתָה, أفرات, Efrata (tidlegare) | |||
lokal kommune | |||
Efrat, 2012 | |||
Land | Palestina | ||
---|---|---|---|
Region | Vestbreidda | ||
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Koordinatar | 31°40′N 35°9′E | ||
Areal | 6,28 km² | ||
Folketal | 9 238 (2013) | ||
Folketettleik | 1 471 / km² | ||
Grunnlagd | 1983 | ||
Borgarmeister | Oded Revivi | ||
Efrat 31.658055555556°N 35.153055555556°E | |||
Kart som viser Efrat.
| |||
Wikimedia Commons: Efrat | |||
Efrat hadde 9 238 innbyggjarar i januar 2013.[1]
I bronsealderen låg det ein busetnad i området der Efrat ligg i dag. Det er gjort arkeologiske utgravingar som har avdekt ein gravplass og meir enn tjue gravgrotter.
Den moderne Efrat vart grunnlagd i 1983 av Moshe Moskovits som vart den første borgarmeisteren i kommunen.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.