From Wikipedia, the free encyclopedia
Deir Istiya (arabisk دير إستيا) er ein palestinsk by med 3 106 innbyggjarar i Salfit guvernement nord på Vestbreidda, 15 km sørvest for Nablus og 7 km aust for Salfit. Det utbygde området dekkjer 74 mål, og det bur kring 30 familiar i den gamle delen av byen.[2]
Deir Istiya | |||
دير إستيا, Deir Istya, Dayr Istiya | |||
kommune | |||
Namneopphav: Istiyaklosteret[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Salfit guvernement | ||
Koordinatar | 32°07′50″N 35°08′24″E | ||
Areal | 24,0 km² | ||
Folketal | 3 106 (2007) | ||
Folketettleik | 129 / km² | ||
Borgarmeister | Jamal Diab | ||
Deir Istiya 32.130555555556°N 35.14°E | |||
Kart som viser Deir Istiya.
| |||
Wikimedia Commons: Deir Istiya | |||
Byen er kalla opp etter den nærliggande grava til Istiya som i følgje etnografen Tawfiq Kanaan og historikaren Moshe Sharon, er det arabiske namnet til Jesaja.[3] I 1394 måtte Deir Istiya gje linser, olivenolje og mjøl som ei religiøs gåve (waqf) til Ibrahimi-moskeen i Hebron etter ordre frå mamelukk-sultanen Barquq.[4] Etter mamelukktida i Palestina, har Deir Istiya vore eit senter for olivenbasert jordbruk. I dag ligg ein av dei største olivenlundane i landet her, nesten 10 000 mål.[2]
Landsbyen var ein del av Sanjak Nablus i osmansk tid tidleg på 1500-talet. I 1596 stod Dayr Istya oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han eit folketal på 133 hushaldningar og 12 ungkarar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og/eller bikubar.[5] Tidleg på 1600-talet vart Deir Istiya og den nærliggande Beit Wazan styrt av Qasim-familien, som kontrollerte Jamma'in og dei austlege områda av Sanjak Nablus. Qasim bygde festningsverk og gjorde Deir Istiya til den viktigaste basen sin i sør. Rayyan-klanen frå Majdal Yaba hadde òg ei viss makt over landsbyen.[6] Under «borgarkrigstida» i Nablus-området (1853-57), drog Qasim-familien frå Deir Istiya og skal ha søkt tilflukt hos Nimr-familien i Nablus.[7]
I 1870 vitja den franske reisande Victor Guérin Deir Istiya og skreiv at landsbye hadde vore mykje større og truleg hadde vore busett sidan oldtida. Han skreiv at moskeen i Deir Istiya hadde marmorsøyler (somme med krusifiks inngravert) datert attende til kristen tid i Palestina.[8][9] In 1882 Deir Istiya was skildra som «ein stor landsby on high ground, surrounded with olive-groves, and supplied by cisterner.»[10]
Britane erobra Palestina frå osmanarane i 1917, og i 1921 vart ein innbyggjar slått i hel offentleg i Deir Istiya for visstnok å ha hatt våpen. Britane oppretta ein skule i landsbyen i 1923 og under Det britiske mandatet var Deir Istiya ein av dei viktigaste landsbyane sentralt i det vestlege Samaria.[11]
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart han annektert av Jordan, og frå 1950 til 1960 vart Det palestinske kommunistpartiet stor i landsbyen, slik at han fekk det lokale kallenamnet «Vesle Berlin». Under seksdagarskrigen i 1967 mellom Israel og ein koalisjon av arabarstatar, vart landsbyen eit mål for israelske styrkar. Dei fleste innbyggjarane vart samla saman, med kvinner i moskeen og mennene på skulen, og borgarmeisteren Jamal Abu Hijleh måtte utføre israelske ordre i landsby.[11]
Gjennom okkupasjonen til Israel, frå 1967 til 1990, flytta nesten halve folkesetnaden til Kuwait eller andre Gulfstatar. I 1970-åra auka den lokale motstandsrørsla i landsbyen, mellom anna med det palestinske flagget på flaggstengene, graffiti og blokkering av vegar. Som følgje av dette vart kring 50 mann arresterte i 1974 og sat seks månader til tre år i fengsel.[11]
Israel natur- og parktilsyn oppretta eit naturreservat i Nahal Kana, som dekka privateigd palestinsk jordbruksland, som var oppdyrka fram til isrealske styresmakter erklærte det for ein park. Samstundes som palestinarane ikkje fekk lov å dyrke marka her, på grunn av statusen som naturreservat, vart det bygd israelske busetjingar i området, med ein veg gjennom parken.[12]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.