amerikansk fusjonsmusiker for keyboards og gitar (født 1953) From Wikipedia, the free encyclopedia
David Sancious (fødd 30. november 1953) er ein USA-amerikansk musikar. Han var tidleg medlem av gruppa til Bruce Springsteen, The E Street Band og bidrog til dei første tre Springsteen-albuma og igjen på Human Touch (1992), Tracks (1998) og Western Stars (2019). Sancious er ein multi-instrumentalist men er mest kjend som klaverspelar og gitarist.[1] Han slutta i E Street Band i 1974 for å skipe sitt eige band, Tone, og har gjeve ut fleire album. Han vart sidan ein populær studiomusikar og turnémusikar, mellom anna for Stanley Clarke, Narada Michael Walden, Zucchero Fornaciari, Eric Clapton, Peter Gabriel, Jack Bruce og Sting og mange fleire. I 2014 vart Sancious innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av E Street Band.
David Sancious | |||
Fødd | 30. november 1953 (70 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Asbury Park i New Jersey | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1974– | ||
Sjanger | Alternativ rock, jazz, jazzfusion, klassisk, bluesrock, funk | ||
Instrument | Klaverspelar, gitar | ||
Tilknytte artistar | Bruce Springsteen, E Street Band | ||
Verka som | Instrumentalist |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.