From Wikipedia, the free encyclopedia
Chrysalis Records var eit britisk plateselskap skipa i 1969. Namnet var både ein referanse til puppestaider av ein sommarfugl (ei slik puppe på engelsk heiter chrysalis) og ein kombinasjon av dei to som grunnla selskapet, Chris Wright og Terry Ellis.[1] Dei starta som Ellis-Wright Agency.[2]
Chrysalis Records | |||
Grunnlagd | 1968 | ||
---|---|---|---|
Grunnleggar | Chris Wright, Terry Ellis | ||
Status | Aktiv | ||
Distributør(ar) | Warner Bros. Records | ||
Land | Storbritannia | ||
Stad | London | ||
Offisiell nettside | https://chrysalis-records.com/ |
Chrysalis gjorde ein distribusjonsavtale med Chris Blackwell sitt Island Records,[3] og hadde band som Jethro Tull, Cat Stevens, Robin Trower og Procol Harum i stallen. Jethro Tull hadde platekontrakt med Reprise Records i USA, noko som gjorde at Chrysalis laga ein amerikansk distribusjonsavtale med moderselskapet til Reprise, Warner Bros. Records. Dette varte fram til 1972 då det amerikanske Chrysalis gjorde distribusjonen sjølv fram til 1976. PolyGram tok seg av internasjonal distribusjon og Festival Records dekte Australia og New Zealand. Mot slutten av 1970-åra hadde etiketten til Chrysalis, 2 Tone Records, band som The Specials og The Selecter i stallen.[4]
Chrysalis vart historisk i 1979 då dei gav ut det første «musikkvideoalbumet», ein videokassett med musikkvideoar for alle songane på Blondie-albumet Eat to the Beat.
I 1980-åra var Chrysalis i framgrunnen for den britiske New Romantic-rørsla med band som Ultravox og Spandau Ballet. Dette tiåret vart det mest suksessrike for selskapet med då særs populære artistar som Billy Idol, Pat Benatar, Blondie og Huey Lewis and the News.
I 1990 vart 50 % av Chrysalis Records seld, og den gjenverande halvdelen vart i 1991 seld til EMI. Chrysalis Records vart nedlagd som ein EMI-etikett i 2005.
|
|
|
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.