From Wikipedia, the free encyclopedia
Glenn Douglas Barnard Cornick (fødd 23. april 1947) er ein engelsk rockemusikar. Han var den første bassisten i det britiske rockebandet Jethro Tull.
Glenn Cornick | |||
Fødd | 23. april 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Barrow-in-Furness i Cumbria i England | ||
Dødsstad | Hilo | ||
Fødenamn | Glenn Douglas Barnard Cornick | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1962–1977, 1996 til i dag | ||
Sjanger | Rock, bluesrock | ||
Instrument | Bassgitar, gitar, orgel | ||
Tilknytte artistar | Jethro Tull Wild Turkey Paris Carthago | ||
Plateselskap | Chrysalis | ||
Verka som | Musikar |
Cornick spelte bass i fleire band før han vart med i Jethro Tull, som Jailbreakers, The Vikings, Formula One, The Hoboar, The Executives og John Evan's Smash, og var ein av medlemmane som starta Tull.[1] Han gav seg i bandet i 1970, etter det tredje albumet deira, Benefit.
Etter at han forlet Jethro Tull starta Cornick Wild Turkey i 1971, først med Graham Williams (gitar), Alan «Tweke» Lewis (gitar), John «Pugwash» Weathers (eks-Pete Brown & Piblokto!) (trommer) og Gary Pickford-Hopkins (eks-Eyes of Blue) på vokal, men Weathers og Williams forlet bandet for å bli med i Graham Bond's Magick før Wild Turkey spelte inn noko som helst. Dei vart erstatta av Jon Blackmore (gitar og vokal) og Jeff Jones (eks-Man) (trommer) som var med på innspelinga av albumet Battle Hymn. For å marknadsføre albumet varma dei opp for Black Sabbath i Storbritannia og USA. Tony Iommi i Black Sabbath hadde ein kort periode spelt med Cornick i Jethro Tull. Bandet spelte sidan inn albumet Turkey og Don't Dare to Forget.
Cornick vart så med i det tyske bandet Karthago, før han forlét dei og danna Paris med gitarist Bob Welch (eks-Fleetwood Mac) og Thom Mooney (eks-Nazz) på trommer. Dei spelte inn albumet Paris i 1975, før Mooney vart erstatta av Hunt Sales (eks-Todd Rundgren's Runt), og i 1976 spelte dei inn Big Towne, 2061.[2] Då Paris vart oppløyst i 1977 flytta Cornick til USA der han framleis bur.
I midten av 1990-åra vart Wild Turkey gjenforeint og spelte inn albumet Stealer of Years, og spelte på to Jethro Tull-«konventar». Tidleg i 2000-åra vart det gjeve ut to konsertalbum og i 2006 enno eitt, You and Me in the Jungle.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.