fransk matematikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Charles Hermite (fødd 24. desember 1822 i Dieuze i Lothringen, død 14. januar 1901 i Paris) var ein fransk matematikar.
Familien til Hermite stamma frå Marseille og Santo Domingo. Slik tilfellet ofte har vore med store matematikarar, viste det seg tidleg at Hermite hadde ein uvanleg matematisk dugleik. Allereie medan han gjekk på skulen i Paris sysla han med studium av arbeida til dei klassiske meistrane på fritida. Han har sjølv fortalt at skriftene til Niels Henrik Abel gjorde eit så djupt inntrykk på han at han allereie i tidleg skulealder vedtok seg for å vie livet sitt til matematiske studium. Han byrja å studere ved École Polytechnique, men allereie etter eit år avbraut han studia for å bruke all tida si på matematikken.
Allereie då han var 19 år fekk han heile den matematiske merksemda i verda retta mot seg gjennom ei løysing av divisjonsproblemet for dei ultra-elliptiske funksjonane. På den tida høyrde dette området til eit av dei minst tilgjengelege emna innanfor den høgare matematikken. Arbeida om dei ultra-elliptiske funksjonane vart snart etterfylgt av oppdaginga av ei rekkje nye og enkle eigenskapar hos dei elliptiske funksjonane, og dette var oppdagingar som Abel og Jacobi heilt hadde oversett.
Etter desse arbeida innanfor matematisk analyse, konsentrerte Hermite seg hovudsakleg om aritmetikk og algebra. Særleg sentralt er arbeidt hans om femtegradslikningar. Det første banebrytande arbeidet til Abel var eit bevis for at allmenne algebraiske likningar av høgare enn fjerde grad ikkje kunne løysast gjennom rotutdraging. Dermed var det vist at den allmenne femtegradslikninga ikkje kunne løysast på same måte som vanlege likningar av lågare grad.
I 1858 gjorde dei tre matematikarane Hermite, Brioschi og Kronecker nesten samstundes oppdagingar som førte til ei fullstendig løysing av dette vanskelege problemet. Hermite var den første som publiserte arbeidet sitt, og han viste at dei elliptiske funksjonane gav dei naudsynte opplysningane som måtte til for å løyse femtegradslikningar, og dermed kunne desse handsamast omtrent på same måte som ein tidlegare hadde gjort med tredjegradslikningar gjennom såkalla casus irreductibilis.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.