From Wikipedia, the free encyclopedia
Cavalleria rusticana («landsens riddarskap») er ein italiensk opera med musikk av Pietro Mascagni og libretto av Giovanni Targioni-Tozzetti og Guido Menasci. Han byggjer på ei novelle og eit skodespel med same namn av Giovanni Verga. Novella blei gitt ut i 1880 i boka Vita dei campi (Livet på markene).
Emmy Destinn og Enrico Caruso i Cavalleria rusticana. | |||
Språk | italiensk | ||
---|---|---|---|
Tilverting | 2020 | ||
Sjanger | Verismo, opera | ||
Utgitt | 19. hundreåret | ||
Uroppføring | 17. mai 1890 |
I juli 1888 hadde den milanesiske musikkforleggjaren Edoardo Sonzogno kunngjort ein konkurranse blant dei unge italienske komponistane som ikkje hadde fått oppført ein opera, om å skriva ein ein-akter, og Sonzogno ville stå for oppsetjinga av dei tre beste ved Teatro Costanzi i Roma. Mascagni fekk høyra om denne konkurransen berre to månader før innleveringsfristen, og fekk vennen sin Giovanni Targioni-Tozzetti, ein forfattar og professor i litteratur ved den kongelege italienske sjøkrigsskulen i Livorno, til å skriva ein libretto.
Targioni-Tozzetti valde å dramatisera den populære novella og skodespelet Cavalleria rusticana av Giovanni Verga, eit sjalusidrama som går føre seg andre påskedag i ein siciliansk landsby på 1800-talet. Targioni-Tozzetti fekk hjelp av kollegaen sin Guido Menasci i utarbeidinga av librettoen, og dei sende denne i fragment til Mascagni etter kvart som dei arbeidde. Same dag som innleveringsfristen gjekk ut, blei operaen levert. Av dei 73 innleverte verka blei det til Mascagni plukka ut til å vera eit av dei tre som skulle oppførast.
Allereie ved premieren den 17. mai 1890 viste operaen seg som ein stor suksess og Mascagni fekk heile 40 framkallingar etter framsyninga. Han gjekk for fulle hus ved Teatro Costanzi, og blei så sett opp andre stader i Italia og i Berlin. Året etter hadde stykket premiere ved Shaftesbury Theatre i London, og i mai det følgjande året flytta han til Royal Opera House i Covent Garden. Det blei konkurranse blant dei amerikanske produsentane om å vera den fyrste som fekk sett opp operaen i USA, og allereie 9. september 1891 hadde stykket premiere i Philadelphia, i Grand Opera House. 30. september følgde premieren i Chicago, og dagen etter i New York, etter kvart på Metropolitan Opera.
Operaen er filma fire gonger: 1916 (stumfilm, med orkester), 1953, 1968 og 1982.
Musikken frå «Intermezzo» i operaen er mellom anna brukt i filmane Den rasende oksen og Gudfaren del III.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.