Enrico Caruso

From Wikipedia, the free encyclopedia

Enrico Caruso
Remove ads

Enrico Caruso (25. februar 18732. august 1921) var ein verdskjend italiensk operatenor. Han opptredde ved store operahus i Europa og Amerika med rollar hovudsakleg frå fransk og italiensk opera. Caruso gjorde også rundt 290 opptak som blei gjevne ut på grammofon mellom 1902 og 1920.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Lucia di Lammermoor (1908).
Remove ads

Bakgrunn

Errico Caruso var fødd i Napoli i ein lite velståande familie der faren var metallmekanikar og mora vaskedame. Han var den tredje av sju ungar. Errico gjekk på skulen men slutta i tiårsalderen for å bli lærling hjå ein fontenemekanikar, og arbeidde seinare òg saman med faren. Mora insisterte på at han skulle fortsetja utdanninga, og han gjekk på kveldsskule og fekk noko opplæring av ein prest. Mora Anna Baldini Caruso døydde i 1888. Kort tid seinare gifta faren Marcellino seg på nytt med Maria Castaldi.

Caruso song også i kyrkjekoret og viste seg å ha ein imponerande stemme. Han byrja opptre som gatesongar, på kafear og småkonsertar, og fekk opplæring i stemmebruk frå han var 16. Songlæraren hans, Guglielmo Vergine, føreslo at han skulle endra den lokale forma av namnet sitt, Errico, til den standard italienske Enrico.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads