Carole King Klein[2] (fødd 9. februar 1942 som Carol Joan Klein) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og musikar som har vore aktiv sidan 1958, først som fast låtskrivar i Brill Building og seinare som soloartist. Ho vert rekna som ein av dei viktigaste og mest innverknadsrike musikarane gjennom tidene, og er den mest suksessrike kvinnelege låtskrivaren på siste halvdel av 1900-talet i USA, og har skrive eller vore medlåtskrivar på 118 pophittar på Billboard Hot 100.[3] King skreiv òg 61 hittar som gjekk inn på singellista i Storbritannia,[4] som gjorde ho til den mest suksessrike, kvinnelege låtskrivaren på den brtiiske singellista mellom 1962 og 2005.[5]
Carole King | |||
King i 2002 | |||
Fødd | 9. februar 1942 (82 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York City i USA | ||
Fødenamn | Carol Joan Klein[1] | ||
Alias | Carole King | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1958 | ||
Sjanger | |||
Instrument |
| ||
Tilknytte artistar |
| ||
Plateselskap | |||
Verka som |
| ||
Gift med | Gerry Goffin | ||
Born | 4, inkludert Louise Goffin og Molly Larkey | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Grammy Trustees Award, MusiCares Person of the Year, Kennedy Center Honors, Gershwin Prize, Johnny Mercer Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Rock and Roll Hall of Fame, Rock and Roll Hall of Fame |
Den store suksessen til King byrja i 1960-åra då ho og den første ektemannen hennar, Gerry Goffin, skreiv meir enn to dusin hittar for ei rekkje artistar. Mange av desse vart standardar. Ho har halde fram å skrive for andre artistar sidan den gongen. King sin suksess som artist på eiga hand kom ikkje før i 1970-åra, då ho song sine eigne songar, og akkompagnerte seg sjølv på piano på ei rekkje album og konsertar. Etter å ha opplevd skuffande salstal med debutplata Writer, fekk King det store gjennombrotet sitt med Tapestry, som låg 15 veker på toppen av den amerikanske albumlista i 1971 og låg inne på lista i ytterlegare seks år.[6]
King har gjeve ut 25 soloalbum og det mest suksessrike er Tapestry, som heldt rekorden for flest veker på toppen av lista av ein kvinnelege artist for meir en 20 år. Platesalet hennar er estimert til meir enn 75 millionar plater verda over.[7][8] Ho har vunne fire Grammyprisar og vart innlemma i Songwriters Hall of Fame. Ho er innlemma to gonger i Rock and Roll Hall of Fame, som artist og låtskrivar.[9] I 2013 mottok ho Gerswhin-prisen for popsong av Library of Congress, som den første kvinna.[10] Ho er òg tildelt Kennedy Center Honors i 2015.
Tidleg liv og utdanning
King vart fødd Carol Joan Klein den 9. februar 1942 på Manhattan i New York City, for dei jødiske foreldra Eugenia (fødd Cammer), ei lærarinne, og Sidney N. Klein, ein brannmann.[11][12][13][14] Foreldra til King møttest i ein heis i 1936 i Brooklyn College, der faren studerte kjemi og mora studerte engelsk og drama.[15]:10
Dei gifta seg i 1937 under det siste året av den store depresjonen.[15]:10 Mora til King gav seg med studiane for å ta seg av hushaldet, og faren slutta studiane for å ta ein jobb som radioannonsør.[15]:10 Då økonomien sleit, tok han ein tryggare jobb som brannmann.[15]:10 Etter at King vart fødd, vart foreldra hennar i Brooklyn og kunne til slutt kjøpa ein liten to-etasjers dupleks der dei kunne leiga ut den øvste etasjen.[16][17]
Mora til King hadde lært å spela piano som barn, og etter å ha kjøpt eit piano, øvde ho nokre gangar. Då King utvikla ein umetteleg forvitenskap på musikk frå ho var rundt tre, byrja mora å læra henne grunnleggande pianoevner, utan å gje henne faktiske leksjonar.[15]:14 Då King var fire, oppdaga foreldra at ho hadde absolutt gehør,[18] som gjorde det mogleg for henne å namngi ein note riktig berre ved å høyra han.[15]:14 Faren til King likte å visa fram dugleiken til dottera til venner på besøk: «Smilet til faren min var så breitt at det dekte den nedre halvdelen av andletet hans. Eg likte å gjera faren min glad og få notane riktig.»[15]:15
Mora til King byrja å gi henne ekte musikktimar då ho var fire[15]:16 medan King sat på pianokrakken, som var gjort høgare av ei telefonbok.[19] Med mora ved sida av seg, lærte King musikkteori og elementær pianoteknikk, mellom anna korleis ein les notar og utfører riktig tempo. King ønskte å læra så mykje som mogleg: «Mora mi tvinga meg aldri til å øva. Ho trong ikkje. Eg ønskte så mykje å meistra dei populære songane som strøymde ut av radioen.»[15]:16
King byrja i barnehage då ho var fire, og etter det første året vart ho flytta direkte opp i andre klasse, og viste eit eksepsjonelt anlegg med ord og tal.[15]:16 På 1950-talet gjekk ho på James Madison High School. Ho danna eit band kalla The Co-Sines, endra namn frå Carol Klein til Carole King, og laga demoplater med vennen Paul Simon for $25 per økt.[20][21] Den første offisielle innspelinga hennar var reklamesingelen «The Right Girl», gjeve ut av ABC-Paramount i 1958, som ho skreiv og song til eit arrangement av Don Costa.[22]
King gjekk på Queens College, der ho møtte Gerry Goffin, som skulle bli hennar låtskriverpartner. Då ho var 17 gifta dei seg i ein jødisk seremoni på Long Island i august 1959 etter at King vart gravid med den første dottera hennar, Louise.[23][24] Dei slutta på college og tok dagjobbar, Goffin jobba som assistentkjemikar og King som sekretær.[25] Dei skreiv songar saman om kvelden.[26]
Neil Sedaka, som hadde vore kjæraste med King då han framleis gjekk på vidaregåande,[27] hadde ein hit i 1959 med «Oh! Carol». Goffin tok melodien og skreiv den leikne responsen, «Oh! Neil», som King spelte inn og gav ut som singel same år. B-sida inneheldt Goffin-King-songen «A Very Special Boy».[28][29] Singelen var ingen suksess.[30] Etter å ha skrive The Shirelles-hitten som gjekk til topps på Billboard Hot 100, «Will You Love Me Tomorrow», den første songen på toppen av lista av ei svart jentegruppe,[31] gav Goffin og King opp dagjobbane sine for å konsentrera seg om å skriva.[32][33] «Will You Love Me Tomorrow» vart ein standard.[34][35]
1960-åra
I løpet av sekstitallet, med King som komponerte musikken og Goffin som skreiv tekstane, skreiv dei to ei rekkje klassiske songar for ei rekkje artistar.[36] King og Goffin var òg låtskriverteamet bak Don Kirshner sitt Dimension Records, som produserte songar som «Chains» (seinare spelt inn av The Beatles), «The Loco-Motion», «Keep Your Hands off My Baby» (begge for barnevakta deira Little Eva), og «It Might as Well Rain Until September», som King spelte inn sjølv i 1962 – den første hitten hennar.[37] King spelte inn nokre få oppfølgingssinglar i kjølvatnet av «September», men ingen av dei selde mykje, og hennar allereie sporadiske innspelingskarriere vart fullstendig forlaten (om enn mellombels) i 1966.
Andre songar frå den tidlege perioden til King (fram til 1967) inkluderer «Half Way To Paradise» for Tony Orlando, spelt inn av Billy Fury i Storbritannia, «Take Good Care of My Baby» for Bobby Vee, «Up on the Roof» for The Drifters, «I'm into Something Good» for Earl-Jean (seinare spelt inn av Herman's Hermits), «One Fine Day» for The Chiffons og «Pleasant Valley Sunday» for The Monkees (inspirert av flyttinga deira til forstaden West Orange i New Jersey),[38] og «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» for Aretha Franklin.[39] Duoen skreiv fleire songar spelt inn av Dusty Springfield, inkludert «Goin' Back» og «Some of Your Lovin'».
I 1968 vart Goffin og King skilt og byrja å mista kontakten.[23] King flytta til Laurel Canyon i Los Angeles med sine to døtrer og starta opp att innspelingskarrieren ved å danna «The City», ein musikktrio beståande av Charles Larkey, den framtidige ektemannen hennar, på bass; Danny Kortchmar på gitar og vokal; og King på piano og vokal.[36][40][41] The City produserte eitt album, Now That Everything's Been Said i 1968, men motviljen King hadde mot å spela live gjorde at salet gjekk treigt.[42] Eit byte av distributørar gjorde at albumet raskt vart sletta og gruppa vart oppløyst i 1969.[43] Albumet vart gjenoppdaga av Classic Rock-radio på byrjinga av 1980-talet, og sporet «Snow Queen» vart noko spelt på radio i nokre år. Cleveland-stasjonen WMMS spelte ho med nokre få vekers mellomrom frå 1981 til 1985, og LP-en som var utselt for lenge sidan vart ettertrakta av fans av Carole King som liker den kvasse musikkstilen.
1970-åra, Tapestry
Medan ho var i Laurel Canyon, møtte King James Taylor og Joni Mitchell og dessutan Toni Stern, som ho samarbeidde med på songar.[20] King laga det første soloalbumet sitt, Writer, i 1970 for Lou Adler-selskapet Ode, med Taylor som spelte akustisk gitar og stod for korvokal.[44] Det nådde 84. plassen på Billboard Top 200. Same året spelte King klaverinstrument på B.B. King-albumet Indianola Mississippi Seeds.
King følgde Writer i 1971 med Tapestry, som inneheldt nye songar og dessutan nytolkningar av «Will You Love Me Tomorrow» og «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman». Albumet vart spelt inn samtidig med Taylor sitt Mud Slide Slim, med eit overlappande sett med musikarar inkludert King, Danny Kortchmar og Joni Mitchell. Begge albuma inkluderte «You've Got a Friend», som gjekk til topps på den amerikanske singellista for Taylor. King sa i eit intervju frå 1972 at ho «ikkje skreiv songen med James eller nokon andre spesifikt i tankane. Men då James høyrde han likte han verkeleg songen og ønskte å spela han inn».[45]
Tapestry vart ein umiddelbar suksess. Med ei rekkje hitsingler – inkludert ei topplassering på Billboard-lista med «It's Too Late» - heldt Tapestry toppen av albumlista i 15 veker på rad, og låg inne på lista i nesten seks år. Det har selt over 25 millionar eksemplar over heile verda.[46] Albumet fekk fire Grammyprisar inkludert Årets album; Beste popvokalopptreden for ei kvinne; Årets plate («It's Too Late», tekst av Toni Stern); og Årets song, med King som den første kvinna til å vinna prisen («You've Got a Friend»). Albumet dukka opp på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene på 36. plassen.[47] I tillegg vart «It's Too Late» nummer 469 på Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Carole King: Music vart utgjeve i desember 1971 og selde til gullplate 9. desember 1971. Det kom inn på åttandeplassen i USA og vart den første av mange veker Tapestry og Carole King: Music låg inne på topp 10 samstundes. Veka etter klatra ho til tredjeplassen og nådde til slutt toppen av lista 1. januar 1972, og vart der i tre veker. Albumet gav òg ein topp 10-hit, «Sweet Seasons» (USA nr.9 og AC nr.2). Carole King: Music heldt seg på Billboard-lista i 44 veker og vart til slutt sertifisert til platinaplate.
Rhymes and Reasons (1972) og Fantasy (1973) følgde, som kvar selde til gullplate. Rhymes and Reasons produserte nok ein singel, «Been to Canaan»" (US nr.24 og AC nr.1), og Fantasy produserte to, «Believe in Humanity» (USA nr.28) og «Corazon» (US nr.37 og AC nr.5), så vel som ein annan song som gjekk inn på Hot 100, «You Light Up My Life» (USA nr.67 og AC nr.6).
I 1973 framførte King ein gratiskonsert i Central Park i New York City med 100 000 tilstades.[48]
I september 1974 gav King ut albumet sitt Wrap Around Joy, som vart selde til gullplate 16. oktober 1974, og kom inn på topp ti på 7. plass 19. oktober 1974. To veker seinare vart albumet det tredje av King som nådde toppen av lista. Wrap Around Joy skapte to singlar, «Jazzman» og «Nightingale». «Jazzman» nådde andreplassen i november, men fall ut av topp ti veka etter. «Nightingale» gjekk til niandeplassen 1. mars 1975.
I 1975 spelte King inn songar for den animerte TV-produksjonen av Maurice Sendak, Really Rosie, utgjeven som eit album med same namn, med tekstar av Sendak.
Thoroughbred (1976) var det siste studioalbumet ho laga under Ode-etiketten.[49] I tillegg til å verva dei mangeårige vennene sine som David Crosby, Graham Nash, James Taylor og Waddy Wachtel, vart King gjenforeina med Gerry Goffin for å skriva fire songar til albumet. Partnarskapet deira fortsette med jamne mellomrom. King gjorde òg ein kampanjeturné for albumet i 1976.
Etter å ha spelt King sin «Goin' Back» 17.–18. oktober 1975 på to av hans høgprofilerte konsertar på Roxy, dukka Bruce Springsteen opp personleg på Beacon Theatre i New York 7. mars 1976, for å synga «The Loco-Motion» med King for det siste ekstranummeret den kvelden.[50]
I 1977 samarbeidde King med ein annan låtskrivar, Rick Evers, på Simple Things, den første utgjevinga på eit nytt plateselskap distribuert av Capitol Records. Kort tid etter vart King og Evers gift; han døydde av ein kokainoverdose eitt år seinare, medan King og dottera Sherry var på Hawaii. Simple Things var det første albumet hennar som ikkje klarte å nå topp 10 på Billboard etter Tapestry, og det var hennar siste gullsertifiserte plate av RIAA, bortsett frå ei samling med tittelen Her Greatest Hits året etter og Live at the Troubadour i 2010.
Trass i sin gullsertifiserte platestatus, vart Simple Things kåra til «Det verste albumet i 1977» av magasinet Rolling Stone.[23]:394 Verken Welcome Home (1978), debuten hennar som medprodusent på eit album, eller Touch the Sky (1979) nådde topp 100. Pearls – The Songs of Goffin and King (1980) gav ein hitsingel, ein oppdatert versjon av «One Fine Day».
1980-åra
King flytta til Atlantic Records for One to One (1982) og Speeding Time i 1983, som var eit gjensyn med Tapestry-produsenten Lou Adler. Etter ein godt mottatt konsertturné i 1984, kalla journalisten Catherine Foster frå The Christian Science Monitor King «ei rockedronning». Ho kalla òg framferda til King «berre mot og begeistring».[51]
I 1985 skreiv og framførte ho «Care-A-Lot», temaet til The Care Bears Movie. I 1985 spelte ho og framførte (med David Sanborn) òg lydsporet til den Martin Ritt-regisserte filmen Murphy's Romance. Lydsporet, igjen produsert av Adler, inkluderte songane «Running Lonely» og «Love For The Last Time (Theme from 'Murphy's Romance')», sjølv om eit lydsporalbum tilsynelatande aldri offisielt vart utgjeve.[52] King gjorde ein opptreden i filmen som Tillie, ein rådhustilsett.[52]
I 1989 kom ho tilbake til Capitol Records og spelte inn City Streets, med Eric Clapton på to spor og Branford Marsalis på eitt, følgd av Color of Your Dreams (1993), med ei framferd av Slash. Songen hennar «Now and Forever» var nytta i opninga av filmen A League of Their Own frå 1992, og vart nominert til ein Grammypris.[29]
I 1988 spelte ho hovudrolla i off-Broadway-produksjonen A Minor Incident, og i 1994 spelte ho Mrs Johnstone på Broadway i Blood Brothers. I 1996 dukka ho opp i Brighton Beach Memoirs i Irland, regissert av Peter Sheridan.
2000-åra
I 2000 vart King bedt om å spela inn ein versjon av hitlåten hennar «Where You Lead» som temasong for showet Gilmore Girls. Ho skreiv om nokre få tekstlinjer for å passa til mor-datter-historia. Ho framførte ofte denne songen saman med dottera Louise Goffin. Ho framførte sjeldan songen etter den opphavlege utgivinga på grunn av auken i kvinnefrigjeringsrørsla og fall ut av favør av kjensla bak teksten. King gjekk med på å fornya songen til å vera «litt meir relevant». Songen vart sterkt assosiert med kvinnelege vennskap og familiemedlemmer.[53]
I 2001 dukka King opp i ein TV-reklame for Gap, saman med dottera hennar, Louise Goffin.[54] Ho framførte ein ny song, «Love Makes the World», som vart eit tittelspor for studioalbumet hennar hausten 2001 på hennar eige plateselskap, Rockingale, distribuert av Koch Records. Albumet inneheld songar ho skreiv for andre artistar på midten av 1990-talet med gjesteartistane Celine Dion, Steven Tyler, Babyface og k.d. lang. Love Makes the World nådde 158. plassen i USA og 86. plassen i Storbritannia. Det debuterte òg på Billboards Top Independent Album-liste og Top Internet Album-liste på 20. plassen.[8][55][56] Ei utvida utgåve av albumet vart gjeve ut seks år seinare kalla Love Makes the World Deluxe Edition. Denne inneheld ei bonusplate med fem ekstra spor, inkludert ei nyinnspilling av «Where You Lead (I Will Follow)» skrive saman med Toni Stern.[57]
Same år skreiv King og Stern «Sayonara Dance», spelt inn av Yuki, tidlegare hovudvokalist i det japanske bandet Judy and Mary, på det første soloalbumet hennar Prismic året etter. I 2001 komponerte òg King ein song for albumet All About Chemistry av Semisonic, med frontmannen til bandet Dan Wilson.
King lanserte sin Living Room-turné i juli 2004 på Auditorium Theatre i Chicago. Dette showet, saman med show på Greek Theatre i Los Angeles og Cape Cod Melody Tent (Hyannis, Massachusetts), vart spelt inn som The Living Room Tour i juli 2005. Albumet selde 44 000 eksemplar den første veka i USA, og nådde 17. plassen på Billboard 200, hennar høgast plassering sidan 1977. Albumet nådde òg 51. plassen i Australia. Det har selt 330 000 eksemplar i USA.[58][59][60] I august 2006 kom albumet inn på Billboard 200 på nytt på 151. plassen.[61] Turneen stoppa i Canada, Australia og New Zealand. Ein DVD av turneen, kalla Welcome to My Living Room, kom ut i oktober 2007.[62]
I november 2007 turnerte King i Japan med Mary J. Blige og Fergie frå The Black Eyed Peas. Dei japanske plateselskapa Sony og Victor gav ut dei fleste av King sine album på nytt, inkludert albuma frå slutten av 1970-talet som tidlegare ikkje var tilgjengeleg på CD. King spelte inn ein duett av Goffin/King-komposisjonen «Time Don't Run Out on Me» med Anne Murray på Murray-albumet Anne Murray Duets: Friends and Legends i 2007. Songen hadde tidlegare vorte spelt inn av Murray for albumet hennar frå 1984, Heart Over Mind.
Sidan 2010
I 2010 arrangerte King og James Taylor sin Troubadour Reunion Tour saman, til minne om den første gangen dei spelte på The Troubadour i West Hollywood i 1970. Duoen hadde gjenforeina seg for å markera 50-årsjubileet til klubben to og eit halvt år tidlegare i 2007 med bandet dei brukt i 1970. Dei likte det så godt at dei bestemte seg for å ta bandet med på vegen for 2010. Det turnerande bandet bestod av musikarar frå det originale bandet: Russ Kunkel, Leland Sklar og Danny Kortchmar. Til stades var òg svigersonen til King, Robbie Kondor og tre av korsongarane til Taylor. King spelte piano og Taylor gitar på kvarandre sine songar, og dei song saman nokre av nummera dei begge var assosierte med. Turneen byrja i Australia i mars, og returnerte til USA i mai. Det var ein stor kommersiell suksess, med King som spelte for nokre av dei største publikummarane i karrieren. Det totale billettsalet oversteig 700 000 og turneen tente inn over 59 millionar dollar, noko som gjorde han til ein av årets mest suksessrike turnear.[63]
Under deira Troubadour Reunion Tour gav King ut to album, eitt med nytt materiale spelt inn med Taylor. Den første, gjeve ut i april 2010, The Essential Carole King, var eit samlealbum med songar av King og som spelte inn songane hennar.[64] Det andre albumet, Live at the Troubadour vart gjeve ut i mai 2010, eit samarbeid mellom King og Taylor. Det debuterte på fjerdeplasen i USA med sal på 78 000 eksemplar. Live at the Troubadour har sidan mottatt ei gullplate frå RIAA for sendingar på over 500 000 eksemplar i USA og låg på lista i 34 veker.[65]
Mora til King, Eugenia Gingold, døydde i desember 2010 i Delray Beach, Florida, 94 år gammal, av hjartesvikt.[66]
Hausten 2011 gav King ut A Holiday Carole, eit album med julemusikk og nye songar skrive av dottera Louise Goffin som var medprodusent på albumet. Albumet fekk ein Grammy-nominasjon for beste tradisjonelle popalbum.[67]
Sjølvbiografien til King, A Natural Woman: A Memoir kom ut på Grand Central i USA i april 2012. Ho kom inn på bestseljarlisten på The New York Times på sjetteplassen.[68][69]
I mai 2012 kunngjorde King at ho trekte seg frå musikk. King tvilte sjølv på at ho nokon gong ville skriva ein annan song og sa at hennar Troubadour Reunion Tour i 2010 med James Taylor truleg var den siste turnéen i livet hennar, og sa at det «var ein god måte å gå ut på». King sa òg at ho mest truleg ikkje kom til å skriva eller spela inn ny musikk.[70][71] Seinare same månad skreiv ho på Facebook-sida si at ho aldri sa at ho faktisk gjekk av med pensjon og insisterte på at ho tok ein pause. King aksjonerte for Nicole LeFavour frå Idaho og Barack Obama i 2012.
Tidleg i desember 2012 mottok King ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.[72] I 2012 fekk ho hyllestkonserten «Painted Turtle – a celebration of Carole King».[73] King gjorde òg ein australsk turné i februar 2013.[74] Etter bombinga i Boston maraton opptredde ho i Boston saman med James Taylor for å hjelpa offer for bombinga.[75]
««Carole King har vore ein av dei mest innverknadsrike låtskrivarane i vår tid. I meir enn fem tiår har ho skrive for og vorte spelt inn av mange forskjellige typar artistar for eit breitt spekter av publikum, og kommuniserer med venleik og verdigheit dei universelle menneskelege kjenslene som kjærleik, glede, smerte og tap. Arbeidet hennar gjenspeglar anda i Gershwin-prisen med originaliteten, den lang levetida og mangfald av appell.»»
|
På slutten av 2012 kunngjorde Library of Congress at King hadde vorte kåra til mottakaren av for populær song i 2013[77] - den første kvinna som mottok utmerkinga, gjeve til låtskrivarar for eit arbeid. President Barack Obama og Michelle Obama var vertskap for priskonserten i Det kvite huset 22. mai 2013, der presidenten overrekte prisen og las talen.[78] I mai 2013 mottok Carole King ein æresdoktor i musikk frå Berklee College of Music.[79] I juni 2013 aksjonerte ho i Massachusetts for representanten Ed Markey, den demokratiske nominerte i eit spesielt val for det amerikanske senatet for å følgja John Kerry som hadde trekt seg for å bli utanriksminister.
King vart heidra som Årets person av MusiCares i januar 2014.[80] 6. desember 2015 vart ho heidra med Kennedy Center Honors.
I 2016 var King hovudartist på British Summer Time Festival som vart halde i Hyde Park i London 3. juli 2016, og spelte heile Tapestry live for første gang. Eit album av konserten vart gitt ut i 2017.[81]
I oktober 2018 gav King ut ein ny versjon av songen hennar, «One». I den første nye innspelinga si sidan 2011 vart ho inspirert til å omskriva teksten til songen «One» (opphavleg på albumet Simple Things frå 1977) som «One (2018)» for å gjenspegla draumen hennar for det amerikanske valet i USA i 2018, som «Love won».[82]
Skodespelarroller
King har av og til dukka opp i skodespelarroller. Ein av hennar tidlegaste var i 1975, då ho var tale- og songstemma til hovudrolla i Really Rosie, ein animert TV-spesial basert på verka til Maurice Sendak. I 1975 dukka ho òg opp (kreditert under det gifte namna hennar, Carole Larkey) på The Mary Tyler Moore Show i episoden «Anyone Who Hates Kids and Dogs». I 1984 spelte ho hovudrolla saman med Tatum O'Neal, Hoyt Axton, Alex Karras og John Lithgow i Faerie Tale Theatre-episoden Goldilocks and the Three Bears. Ho gjorde seinare tre framferder som gjestestjerne i TV-serien Gilmore Girls som Sophie, eigaren av musikkbutikken Stars Hollow. King song «Where You Lead (I Will Follow)», som òg var temasongen til serien, i ein versjon sunge med dottera Louise.[83] Ho gjentok rolla i 2016 då Netflix laga nye episodar av Gilmore Girls, Gilmore Girls: A Year in the Life. King dukka òg opp som Mrs. Johnstone som ei erstatning i den originale Broadway-produksjonen av Blood Brothers.
Personleg liv og familie
King har vore gift fire gangar, med Gerry Goffin, Charles Larkey, Rick Evers og Rick Sorenson. I sjølvbiografien hennar frå 2012 skreiv King at ho hadde vorte fysisk misbrukt av den tredje ektemannen sin, Rick Evers, med jamne mellomrom.[15]:282 Evers døydde av ein kokainoverdose dagar etter at dei skilde seg i 1978.[15]:310–311
Barna hennar er musikarane Louise Goffin og Sherry Goffin Kondor, artisten Molly Larkey og Levi Larkey.[84]
Sidan november 2018 har King budd i Idaho.[85]
Aktivisme
Etter å ha flytta til Idaho i 1977, vart King involvert i miljøspørsmål. Sidan 1990 har ho jobba med Alliance for the Wild Rockies og andre grupper for å vedta Northern Rockies Ecosystem Protection Act (NREPA). King har vitna på Capitol Hill tre gangar på vegner av NREPA: i 1994, 2007 og igjen i 2009.[86][87]
King er òg politisk aktiv i det demokratiske partiet i USA. I 2003 byrja ho å driva kampanje for John Kerry, og opptredde i private heimar for nominasjonsmøte-delegater under dei demokratiske primærvala. Den 29. juli 2004 heldt ho ein kort tale og song på den demokratiske nasjonale konvensjonen, omtrent to timar før Kerry heldt takketalen sin for den demokratiske nominasjonen til president.[88] King fortsette støtta si til Kerry gjennom senatvalet. Då Kerry vart utnemnd til utanriksminister i 2013, aksjonerte ho saman med representanten Ed Markey, den demokratiske nominerte for å følgja Kerry i eit spesialval.
I 2008 dukka King opp i ein episode av The Colbert Report, og rørte politikken hennar igjen. Ho sa at ho støtta Hillary Clinton, og sa at valet ikkje hadde noko med kjønn å gjera. Ho sa òg at ho ikkje ville ha noko problem viss Barack Obama vann valet. Før avslutninga til showet kom ho tilbake til scena for å framføra «I Feel the Earth Move».[89]
Den 6. oktober 2014 opptredde ho på ei demokratisk pengeinnsamling på Beverly Wilshire Hotel i Beverly Hills i California, der visepresidenten Joe Biden deltok.[90]
21. januar 2017 marsjerte King i Kvinnemarsjen 2017 i Stanley i Idaho, med eit skilt som sa «One Small Voice». I ein artikkel for The Huffington Post skreiv ho at ho bar den bodskapen fordi «eg har aldri slutta å tru at ei lita stemme pluss millionar av andre små stemmer er nøyaktig korleis vi forandrar verda.»[91]
Ettermæle
Ei stjerneliste med artistar hylla King på 1995-albumet Tapestry Revisited: A Tribute to Carole King. Frå albumet var Rod Stewart sin versjon av «So Far Away» og Celine Dion si innspeling av «A Natural Woman», som begge gjekk inn på Adult Contemporary-lista i USA. Andre artistar som dukka opp på albumet var mellom andre Amy Grant («It's Too Late»), Richard Marx («Beautiful»), Aretha Franklin («You've Got a Friend»), Faith Hill («Where You Lead»), og Bee Gees («Will You Love Me Tomorrow?»).
Tidlegare Monkee-medlem Micky Dolenz gav ut King for a Day, eit hyllestalbum beståande av songar skrive eller delvis skrive av King, i 2010.[92] Albumet inkluderer «Sometime in the Morning», ein song skrive av King som opphavleg vart spelt inn av The Monkees i 1967. Dolenz hadde tidlegare spelt inn ein annan av King sine Monkees-komposisjonar, «Porpoise Song», på plata hans med vuggevise-tema Micky Dolenz Puts You to Sleep.[93]
Mange andre coverversjonar av King sine verk har dukka opp gjennom åra. Blant dei mest oppsiktsvekkande er:
- «You've Got a Friend», som gjekk til topps for James Taylor i 1971 og som vart ein topp 40-hit for Roberta Flack og Donny Hathaway same året.
- Barbra Streisand hadde ein topp 40-hit i 1972 med «Where You Lead» to gangar - åleine og som ein del av ein konsertmedley med «Sweet Inspiration».
- Helen Reddy spelte to songar skrivne av Carole King: den første var «No Sad Song» i 1971 (nummer 62); den andre var «I Can't Hear You No More» i 1976, kombinert med «Music Is My Life» som nådde 29. plassen nå nummer 29.[94]
- The Carpenters spelte inn King sin «It's Going to Take Some Time» i 1972, og nådde 12. plassen på Billboard-lista.
- Martika nådde 25. plassen i 1989 med versjonen sin av «I Feel the Earth Move».
- «It's Too Late» dukka opp igjen på Adult Contemporary-lista i 1995 med Gloria Estefan.[95]
- Linda Ronstadt spelte inn ein ny versjon av «Oh No Not My Baby» i 1993, og nådde 35. plassen på AC-lista året etter.[96]
- Celine Dion spelte inn King-songen «The Reason» på albumet Let's Talk About Love frå 1997 med Carole King som song korsongar. Nyinnspelinga vart sertifisert til diamantplate i Frankrike.
- «Where You Lead» (tekst av Toni Stern), vart spelt inn på nytt i lag med dottera til King og nytta som kjenningsmelodi for TV-serien Gilmore Girls.
- The Crusaders hadde ein instrumental hit med «So Far Away», og nådde 39. plassen i 1972 på AC-lista.[97]
- «Locomotion» vart spelt inn av Kylie Minogue, som vart det store gjennombrotet hennar i musikkbransjen.
Filmbiografi
I 1996 vart ein film veldig laust basert på livet til King, Grace of My Heart, skrive og regissert av Allison Anders. I filmen ofrar ei ambisiøs songarrine sin eigen songkarriere for å skriva hitlåtar som startar karrieren til andre songarar. Filmen speglar livet til King og følgjer henne frå den første pausen hennar, gjennom smerta ved avvisning frå plateindustrien og eit dårleg ekteskap, til den siste triumfen hennar i å realisera draumen om å spela inn sitt eige hitalbum.[98]
Historia inkluderer materiale og karakterar laust baserte på King sine låtskriverkollegaer, og dessutan songarane dei skreiv materialet for, og ulike produsentar involvert i det kreative miljøet som eksisterte ved Brill Building frå 1958 til 1964 og i musikkscena i California frå 1965 til 1971.
Broadway musikalbiografi
Ein musikalsk versjon av livet og karrieren til King debuterte i før-Broadway-prøvar i september 2013, i San Francisco, med tittelen Beautiful: The Carole King Musical. Han hadde Jessie Mueller i hovudrolla.[99] Førehandsvisningar på Broadway byrja 21. november 2013 på Stephen Sondheim Theatre, med den offisielle opninga 12. januar 2014. Boka er skriven av Douglas McGrath.[100] Meldingane var blanda, men generelt varme.[101] Jessie Mueller vann Tony-prisen for beste framføring av ei skodespelarrinne i ei leiande rolle i ein musikal for skildringa si av King, og Brian Ronan vann Tony-prisen for beste lyddesign av ein musikal.[102]
Prisar
Golden Globe-prisar
År | Nominert verk | Frå | Pris | Resultat |
---|---|---|---|---|
2022 | «Here I Am (Singing My Way Home)» (med Jennifer Hudson og Jamie Hartman) | Respect | Beste originale song | Nominert |
Grammyprisen
År | Kandidat/verk | Pris | Resultat |
---|---|---|---|
1972 | Tapestry | Årets album | Vann |
«It's Too Late» | Årets plate | Vann | |
«You've Got A Friend» | Årets song | Vann | |
Tapestry | Bete kvinnelege popsong | Vann | |
1975 | «Jazzman» | Nominert | |
1976 | Really Rosie | Beste barnealbum | Nominert |
1993 | «Now and Forever» | Beste song skriven for film eller fjernsyn | Nominert |
1998 | Tapestry | Grammy Hall of Fame | Innlemma |
2002 | «You've Got a Friend» | Innlemma | |
2002 | «It's Too Late» | Innlemma | |
2004 | Carole King | Grammy Trustees Award | Æra |
2013 | Lifetime Achievement | Grammy Lifetime Achievement Award | Æra |
A Holiday Carole | Best tradisjonelle popalbum med vokal | Nominert | |
2014 | Carole King | MusiCares Person of the Year | Æra |
2022 | «Here I Am (Singing My Way Home)» (med Jennifer Hudson og Jamie Hartman) | Beste song skriven for visuelt media | Nominert |
Primetime Emmy Awards
År | Kandidat/verk | Pris | Resultat |
---|---|---|---|
2000 | «Song of Freedom» | Eineståande musikk og tekst | Nominert |
Satellite Awards
År | Kandidat/verk | Pris | Resultat |
---|---|---|---|
1998 | «Anyone At All» | Beste originale song | Nominert |
Anerkjenning
- I 1987 vart Goffin og King henta inn i Songwriters Hall of Fame.
- I 1988 mottok Goffin og King National Academy of Songwriters Lifetime Achievement Award.[103]
- I 1990 vart King, saman med Goffin, innlemma i Rock and roll Hall of Fame i kategorien ikkje-utøvar for sine låtskriverprestasjonar.
- I 2002 vart King gjeve «Johnny Mercer Award» av Songwriters Hall of Fame.
- I 2004 vart Goffin og King tildelt Grammy Trustees Award.
- King vart innlemma i Long Island Music Hall of Fame i 2007.[104]
- I 2012 (3. desember) mottok King den 2486. stjerna på Hollywood Walk of Fame.[105]
- Den 9. februar 2013 vart King tildelt Grammy Lifetime Achievement Award.[106]
- Tysdag 21. mai 2013 arrangerte Library of Congress ein konsert berre for inviterte i Coolidge Auditorium til ære for Carole King. Stjernehyllesten inkluderte framferder av Siedah Garrett, Colbie Caillat, Gian Marco, Shelby Lynne, Patti Austin, Arturo Sandoval og dotter til King, Louise Goffin.[107]
- Den følgjande kvelden, 22. mai 2013, i Det kvite huset, fekk King selskap av andre stjerneartistar inkludert James Taylor, Gloria Estefan, Emeli Sandé, Trisha Yearwood, Jesse McCartney og Billy Joel.[108] President Barack Obama overrekte Carole King den femte Gershwin-prisen for populær song frå Library of Congres,[109] den første som vart tildelt ein kvinneleg komponist.[110] Det kvite huset-konserten og prisutdelinga avslutta to dagar med hendingar som feira Carole King.
- I 2014 mottok King Golden Plate Award frå American Academy of Achievement.[111]
- Den 6. desember 2015 vart ho heidra ved Kennedy Center Honors for det livslange bidraget sitt til amerikansk kultur gjennom scenekunsten.[112][113]
- I 2021 vart King innlemma i Rock and roll Hall of Fame som soloartist.[9]
Diskografi
- For meir om dette emnet, sjå diskografien til Carole King.
- 1970: Writer
- 1971: Tapestry
- 1971: Music
- 1972: Rhymes & Reasons
- 1973: Fantasy
- 1974: Wrap Around Joy
- 1975: Really Rosie (filmusikk)
- 1976: Thoroughbred
- 1977: Simple Things
- 1978: Her Greatest Hits: Songs of Long Ago (samlealbum)
- 1978: Welcome Home
- 1979: Touch the Sky
- 1980: Pearls: Songs of Goffin and King
- 1982: One to One
- 1983: Speeding Time
- 1989: City Streets
- 1993: Colour of Your Dreams
- 1996: The Carnegie Hall Concert: 18. juni 1971
- 2001: Love Makes the World
- 2005: The Living Room Tour
- 2011: A Holiday Carole
- 2012: The Legendary Demos (samlealbum)
Filmar
År | Tittel | Rolle | Merknad |
---|---|---|---|
1975 | Chicken Soup with Rice | Rosie (røyst) | Kortfilm |
1977 | Bionic Boy | ||
1985 | Murphy's Romance | Tillie | |
1987 | Russkies | Mrs. Kovac | |
1989 | Hider in the House | Tom's Mother (røyst) |
År | Tittel | Rolle | Merknad |
---|---|---|---|
1975 | Really Rosie | Rosie (røyst) | Fjernsynsfilm |
1975 | The Mary Tyler Moore Show | Aunt Helen | «Anyone Who Hates Kids and Dogs» (sesong 5 episode 24) |
1984 | Faerie Tale Theatre | Mother | «Goldilocks and the Three Bears» (sesong 3, episode 1) |
1989 | The Tracey Ullman Show | Joan, Shopaholics Anonymous Member | «The Holland Tunnel of Love» (sesong 4, episode 8) |
1991 | The Trials of Rosie O'Neill | Tobey Kalow | «The Reunion» (sesong 1, episode 15) |
1991 | ABC Afterschool Specials | Johanna Martin | «It's Only Rock & Roll» (sesong 19, episode 5) |
2002–05 | Gilmore Girls | Sophie Bloom | «Help Wanted» (sesong 2, episode 20) «To Live and Let Diorama» (sesong 5, episode 18) «He's Slippin' 'Em Bread... Dig?» (sesong 6, episode 10) |
2016 | Gilmore Girls: A Year in the Life | Sophie Bloom | Gjesterolle |
Salstrofé
Åra oppførte er året albumet og singlane kom ut, og ikkje nødvendigvis året dei selte mest.
Amerikanske Billboard topp 10-album[8]
Amerikanske Billboard Top 10-popsinglar[8]
|
Salstrofé for album og singlar[114]
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.