Hillary Clinton
amerikansk politikar, advokat og diplomat From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
amerikansk politikar, advokat og diplomat From Wikipedia, the free encyclopedia
Hillary Diane Rodham Clinton (fødd 26. oktober 1947) er ein amerikansk demokratisk politikar. Ho var presidentkandidaten til det demokratiske partiet ved presidentvalet i USA i 2016, der ho tapte mot Donald Trump.[1][2] Clinton er gift med tidlegare president Bill Clinton, og var USA si førstedame i frå 1993 til 2001. Ho er den første tidlegare førstedama som har stilt til val.
Hillary Clinton | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 26. oktober 1947 (77 år) Edgewater Hospital |
Yrke | politikar, advokat, diplomat, sjølvbiograf, universitetslærar, podkastvert, jurist, filmprodusent |
Språk | angloamerikansk, engelsk |
Politisk parti | Det demokratiske partiet i USA |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences, Fondation franco-américaine |
Religion | metodisme |
Far | Hugh Ellsworth Rodham |
Mor | Dorothy Howell Rodham |
Ektefelle | Bill Clinton |
Nettstad | https://www.hillaryclinton.com |
Hillary Clinton på Commons |
Hillary Rodham vart fødd i Chicago i Illinois og oppdregen av dei metodistiske foreldra sine i Park Ridge i same delstat. Faren, Hugh Rodham sr., son av engelske innvandrarar, var forretningsmann i tekstilindustren i Scranton i Pennsylvania, og mora, Dorothy Emma Howell Rodham, var heimeverande. Hillary har to yngre brør, Hugh og Tony Rodham.
Hillary Rodham og Bill Clinton gifta seg i 1975 i Fayetteville i Arkansas. Ho brukte jentenamnet sitt fram til 1982. Ekteparet har ei dotter, Chelsea Clinton, som er fødd i 1980.
Hillary Clinton tok ein lågare grad i historie ved Wellesley College i Massachusetts i 1969, og er utdanna jurist ved Yale University i 1973.
Hillary Rodham var lenge advokat i advokatfirmaet Rose i Little Rock, på same tid som ho underviste ved rettsfakultetet ved University of Arkansas i Fayetteville. I 1974 fekk ho dei første erfaringane sine med hovudstadspolitikk då ho var juridisk rådgjevar for justiskomiteen i det amerikanske representanthuset. Ho var då med i ein krets som sette saman materiale for ein riksrettssak mot president Richard Nixon på grunn av Watergateaffæren.
Då mannen hennar blei vald til guvernør for Arkansas i 1979, slutta Hillary Rodham som jusprofessor.
Familien Clinton flytta inn i Det kvite huset i 1993, og Hillary Clinton blei leiar av ei gruppe som skulle reformera helsevesenet i USA. Dei djuptgripande forslaga til gruppa blei aldri vedtekne.
Hillary Clinton vart vald som senator for delstaten New York den 7. november 2000 med 55 % av stemmane. Ho sat i fleire fagkommitear, mellom anna forsvarskommiteen.
Clinton var favoritt til å verte det demokratiske partiet sin kandidat til presidentvalet i 2008, og flagga dette de facto 20. januar 2007. Ho tapte derimot kappløpet mot senator Barack Obama.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.