From Wikipedia, the free encyclopedia
Bundesliga er den øvste fotballdivisjonen i Tyskland og tidlegare Vest-Tyskland. Den klassiske avsparkstida er kl. 15.30 på laurdagar. Bundesligaen vart oppretta i 1963, og har gjennomgått fleire endringar opp gjennom tidene, heilt fram til i dag.
Før Bundesliga vart oppretta, spelte laga i regionale seriar. Vinnarane (og nokre gonger nestvinnarane) møttes så i eit sluttspel etter cup-system, med ein seriefinale for å avgjere seriemeisterskapen.
Bundesligaen er delt opp i to divisjonar, Første Bundesliga og Andre Bundesliga. Første Bundesliga blir som regel berre kalla Bundesliga, medan nummer to blir kalla 2. Bundesliga, eller Zweite Bundesliga for å skilje dei to divisjonane. Det er desse to divisjonane som blir rekna som Tysklands profesjonelle fotballseriar, medan dei lågare divisjonane blir rekna som amatørligaer. Dei lågare divisjonane er i stadig vekst, og det er særleg den tredje høgaste, Regionalliga, som er i ferd med å nå eit profesjonelt nivå.
Dei to første åra hadde Bundesliga 16 klubbar. Etter det har serien hatt 18 klubbar, med unntak av sesongen 1991/92, då Bundesliga vart utvida til 20 klubbar fordi klubbane frå det tidlegare DDR vart med i det alltyske seriesystemet.
Til og med sesongen 1973/74 besto nivå to av fleire ulike Regionalligar. I 1974 vart andre Bundesliga oppretta, i to avdelingar (Nord og Süd). Andre Bundesliga vart samla til ein nasjonal divisjon i 1981. I 1991/92-sesongen vart andre Bundesliga igjen utvida til to avdelingar for ein sesong, då dei to beste klubbane frå Oberliga i DDR fekk plass i første Bundesliga, medan dei seks nest beste klubbane i DDR kom inn i andre Bundesliga.
(Inntil 27. januar 2021.)
Plass | Navn | Mål |
---|---|---|
1 | Jørn Andersen | 67* |
2 | Arne Larsen Økland | 43 |
3 | Mohammed "Moa" Abdellaoue | 30 |
4 | Erling Braut Håland | 20 |
5 | Anders Giske | 13 |
6 | Rune Bratseth | 12 |
7 | Jan Åge Fjørtoft | 14 |
8 | Håvard Flo | 5 |
9 | Kjetil Rekdal | 4 |
10 | Kai-Erik Herlovsen | 3 |
11 | Vidar Riseth | 3 |
12 | Håvard Nordtveit | 2 |
12 | Mathis Bolly | 2 |
13 | Einar Jan Aas | 1 |
13 | Tore Pedersen | 1 |
13 | Tommy Svindal Larsen | 1 |
13 | Hassan El Fakiri | 1 |
* Jørn Andersen vart tysk statsborgar i 1993.
Klubb | Gonger |
---|---|
Bayern München | 32 |
Borussia Mönchengladbach | 5 |
Borussia Dortmund | 5 |
Werder Bremen | 4 |
Hamburger SV | 3 |
VfB Stuttgart | 3 |
FC Kaiserslautern | 2 |
FC Köln | 2 |
TSV 1860 München | 1 |
FC Nürnberg | 1 |
Eintracht Braunschweig | 1 |
VfL Wolfsburg | 1 |
BFC Dynamo Berlin har gjort krav på å bli anerkjent som 10 gonger seriemeister i Tyskland. Dette kravet er ikkje blitt godtatt, sidan Dynamo Berlins seriemeisterskap var i DDR, og mykje også tyder på at mange av kampane på 1980-talet var fiksa. Sjå Oberliga DDR.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.