From Wikipedia, the free encyclopedia
Fußballclub Gelsenkirchen-Schalke 04 e. V., til dagleg omtala som Schalke 04 eller Schalke er eit idrettslag i Gelsenkirchen i Nordrhein-Westfalen i Tyskland. Laget vart, som namnet tyder, stifta i 1904 i Schalke-området av Gelsenkirchen. Idrettslaget Schalke 04 har over 119 000 medlemer, og er det laget i Tyskland med nest flest medlemer.
| |||
Fullt namn | Fußballclub Gelsenkirchen-Schalke 04 e. V. | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Die Königsblauen «Dei kongeblåe» Die Knappen «Gruvearbeidarane» | ||
Kort namn | S04 | ||
Grunnlagd | 4. mai 1904 | ||
Heimebane | Veltins-Arena (kapasitet: 62,271) | ||
President | Clemens Tönnies | ||
Hovudtrenar | David Wagner | ||
Liga | Bundesliga | ||
2018/19 | 14. plass i Bundesliga | ||
Nettstad | Heimeside | ||
| |||
Noverande sesong |
Fotballklubben Schalke, den mest kjende avdelinga i idrettslaget, spelar i Bundesliga, den øvste divisjonen i tysk fotball. Klubben nådde eit førebels høgdepunkt då det i 1997 vart siger i UEFA-cupen. Etter de to finaleoppgjera stod det 1-1 mellom det tyske laget og Inter, men Schalke sigra i straffeskytinga. FC Schalke hadde si stordomstid i perioden 1934 til 1958, då klubben vann sju tyske/vesttyske seriemeisterskap. Schalke har vunne fem nasjonale cupmeisterskap, det siste i 2011.
Sidan 2001 spelar Schalke heimekampane på Veltins-Arena, med pass til over over 61 600 tilskodarar. Laget spelar i blå trøyer og kvite bukser. Hovudrivalen til Schalke 04 er Borussia Dortmund; kampar mellom dei to Ruhr-klubbane er dei mest omtala lokaloppgjera i tysk fotball og går under nemninga Revierderby.
Medlemer av Schalke 04 er også aktive i idrettsgreiner som basketball, friidrett og handball.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.