From Wikipedia, the free encyclopedia
Union of European Football Associations (UEFA, fransk Union des associations européennes de football) er det europeiske fotballforbundet som vart skipa 15. juni 1954 i Basel i Sveits. Forbundet er mest kjend under forkortinga UEFA. EUFA er sjølv medlem av FIFA, det internasjonale fotballforbundet. I 2016 vart Aleksander Čeferin vald til ny president i UEFA etter Michel Platini.[1]
UEFA | |||
| |||
Skipa | 15. juni 1954 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Nyon | ||
Leiar | Aleksander Čeferin | ||
Verkeområde | Europa | ||
Medlemmer | 55 | ||
Motto | We care about football | ||
Nettstad | https://www.uefa.com |
UEFA har 53 medlemmer, og av desse har 46 eit aktivt kvinnelandslag. Samtlege lag innanfor den geografiske definisjonen av Europa er medlemmer, med unntak av Monaco, Storbritannia og Vatikanstaten. Til gjengjeld har England, Wales, Skottland, Nord-Irland og Færøyane eigne landslag, på tross av at dei ikkje er sjølvstendige nasjonar.
I tillegg er asiatiske land som Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Israel, Kasakhstan og Kypros medlemmer, og både Russland og Tyrkia, som er geografisk delt til både Europa og Asia, høyrer til UEFA. For Israel var det nødvendig å flytte ettersom dei fleste motstandarane deira i Asia ikkje anerkjende dei, og dermed ikkje ville spele mot dei (mellom 1974 og 1994 spelte Israel i Oseania). Kypros sin geografiske situasjon lét dei velje mellom Europa, Asia og Afrika, og dei valde Europa. Kasakhstan gjekk frå Asia til Europa etter semje med UEFA.
Organisasjonen arrangerer no følgjande fotballturneringar:
Organisasjonen har tidlegare arrangert følgjande fotballturneringar:
Nr. | Namn | Periode |
---|---|---|
1. | Ebbe Schwartz | 1954–1962 |
2. | Gustav Wiederkehr | 1954–1972 |
3. | Artemio Franchi | 1972–1983 |
4. | Jacques Georges | 1983–1990 |
5. | Lennart Johansson | 1990–2007 |
6. | Michel Platini | 2007–2016 |
7. | Aleksander Čeferin | 2016– |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.