From Wikipedia, the free encyclopedia
Blessing Oghnewresem Okagbare (fødd 9. oktober 1988) er ein nigeriansk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i sprintløp og lengdehopp. Ho tok OL-bronse i lengdehopp i 2008 og sikra seg VM-sølv i øvinga fem år seinare. Okagbare fekk då også bronsemedaljen på 200 meter. Dopingdømt.
Blessing Okagbare | |
Statsborgarskap | Nigeria |
Fødd | 9. oktober 1988 (35 år) Sapele |
Idrett | friidrett |
Tok del i | athletics at the 2014 Commonwealth Games – women's 100 metres, athletics at the 2014 Commonwealth Games – women's 200 metres, Samveldeleikane 2018, Samveldeleikane 2014, Friidrett under Sommer-OL 2008 – Lengdehopp damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 100 meter damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 4x100 meter stafett damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 4 × 100 meter stafett kvinner |
Okagbare vart nummer tre i lengdetevlinga under Sommar-OL 2008, andreplassen gjekk til Tatjana Lebedeva som fekk annullert sitt resultat ni år seinare. Under verdsmeisterskapen 2013 i Moskva enda Okagbare opp med sølv i lengde, 2 centimeter bakom Brittney Reese frå USA. Fem dagar seinare sprang Okagbare inn til bronse på 200 m, på same tid som sølvmedaljør Murielle Ahouré. I 2014 sigra Okagbare både på 100 m og 200 m ved samveldeleikane i Glasgow.
Okagbare sine personbeste på 100 meter og 200 m, høvesvis 10,79 og 22,04 sekund, var i si tid afrikarekordar. 100-meterstida presterte ho i 2003, same sesongen som ho sett personleg rekord med eit lengdehopp som målte 7 meter. 22,04 oppnådde ho våren 2018 i Abilene i Texas.
Under Tokyo-OL 2021 testa Okagbare positivt i doping, det kom for ein dag at ho hadde nytta seg av veksthormonar og EPO over lengre tid. Ho vart deretter stengt ute frå idrett dei neste ti åra.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.