From Wikipedia, the free encyclopedia
Brittney Davon Reese (fødd 9. september 1986) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Inglewood som spesialiserte seg i lengdehopp. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2009, 2011, 2013 og 2017, og vart olympisk meister i 2012. I tillegg sanka ho to OL-sølv og tre gullmedaljar i VM innandørs.
Brittney Reese | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 9. september 1986 (38 år) Inglewood |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 2008 – Lengdehopp damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Lengdehopp damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Lengdehopp kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Lengdehopp kvinner |
Med ny personleg rekord på 7,10 m vann Reese lengdetevlinga under VM i friidrett 2009 i Berlin. Kort etter sigra ho i spesialøvinga også då IAAF-finalen fann stad i Thessaloníki, med eit bestehopp som målte 7,08 meter. I 2010 gjekk ho til topps i lengdehopp under innandørs-VM, og vann lengde samanlagt i IAAF Diamond League.
Sommaren 2011 forbetra Reese den personlege rekorden til 7,19 m i Eugene, og ho forsvarte VM-tittelen under friidretts-VM i Daegu i august månad. Ho vann ein suveren siger då ho forsvarte innandørs VM-tittelen i Istanbul i 2012 med eit hopp på 7,23 m. I 2012 vart Reese olympisk meister i lengdehopp under Sommar-OL 2012 i London. Vinnarhoppet målte 7,12 m. Sesongen etter tok Reese tredje rake VM-tittel utandørs då ho med 7,01 m viste nigerianske Blessing Okagbare, 6,99 m, til andreplass.
I 2016 hoppa Reese 7,22 m ved innandørs-VM i Portland, hennar tredje VM-triumf innandørs. Om sommaren presterte Reese livsbeste med eit hopp på 7,31 meter. Seks veker seinare hoppa ho 7,15 m i OL-finalen 2016, enda dermed på sølvplass etter landskvinna Tianna Bartoletta. Med eit bestehopp på 7,02 m vart Reese året etter verdsmeister i lengdehopp for fjerde gong.
Reese slutta som aktiv etter ho kneip sølvmedaljen i OL i Tokyo 2021, ho og Ese Brume frå Nigeria hoppa 6,97 m som best, men Reese hadde det beste nestlengste-hoppet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.