From Wikipedia, the free encyclopedia
William «Bill» McGuire Bryson (fødd 8. desember 1951) er ein bestseljande amerikansk forfattar. Han har budd det meste av vaksenlivet sitt i England, med eit opphald i USA att frå 1995 til 2003, og er både amerikansk og britisk statsborgar. Bryson hadde stillinga som chancellor ved Durham University frå 2005 til 2011.[1]
Bill Bryson | |
Bryson i 2018 | |
Pseudonym | Bill Bryson |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 8. desember 1951 (72 år) Des Moines |
Yrke | journalist, reiseforfattar, sjølvbiograf, vitskapleg forfattar, vitskapsformidlar, reisande |
Språk | engelsk |
Sjanger | populærvitskapleg litteratur, reiseskildring |
Medlem av | Royal Society |
Bill Bryson på Commons |
Bryson er mest kjend for sine humoristiske reiseskildringar, men har òg skrive ein del bøker om det engelske språket. Han blei kjend i Storbritannia for boka og fjernsynsserien Notes from a Small Island (1995), som utforska øyriket. Han fekk vidspreidd merksemd for A Short History of Nearly Everything (2003, norsk En kort historie om nesten alt), ei bok rosa for godt tilgjengeleg informasjon om vitskap. Bøkene til Bryson er kjenneteikna av humoren hans, som til trass for at han gjennomsyrar alt ikkje står i vegen for formidlinga av kunnskap.
Bryson var fødd og voks opp i Des Moines i Iowa som son av sportsjournalisten Bill Bryson Sr., som arbeidde ved Des Moines Register i 50 år, og Agnes Mary (fødd McGuire), redaktør ved same avis.[2][3] Han hadde ein eldre bror, Michael (1942–2012), og ei syster, Mary Jane Elizabeth. I 2006 gav Bryson ut ei humoristisk skildring av barndommen sin i The Life and Times of the Thunderbolt Kid.[3] Same året blei han tildelt bynøkkelen til Des Moines av borgarmeisteren Frank Cownie, som erklærte at 21. oktober 2006 skulle vera «Bill Bryson, The Thunderbolt Kid, Day».[4]
Bryson studerte ved Drake University i to år før han gav seg i 1972, då han heller ville reisa som ryggsekkturist gjennom Europa i fire månader. Året etter vende han tilbake til Europa saman med venne Matt Angerer (omskriven under pseudonymey Stephen Katz).[5] Bryson skreiv om opplevingane sine på turen i boka Neither Here nor There: Travels in Europe.
I 1973 vitja Bryson Storbritannia for fyrste gong[6] under Europa-turen sin.[7] Han bestemte seg for å bli verande etter å få ein jobb ved eit psykiatrisk sjukehus,[8] det no nedlagde Holloway Sanatorium i Virginia Water i Surrey. Her møtte han ein sjukepleiar, Cynthia Billen, som han gifta seg med i 1975.[8] Dei flytta til Des Moines i 1975 så Bryson kunne fullføra graden sin ved Drake University.[3] I 1977 slo dei seg ned i Storbritannia.[9] Familien Bryson budde ulike stader i landet, fyrst i Virginia Water i Surrey, så Purewell i Dorset, Burton i Dorset og Kirkby Malham i North Yorkshire på 1980- og 1990-talet, og i Wramplingham i Norfolk frå 2003 til 2013.[10] Dei slo seg så ned i Hampshire.[8] Frå 1995 til 2003 budde dei i Hanover i New Hampshire.[11]
Bryson verka som journalist, fyrst for Bournemouth Evening Echo, seinare for The Times og The Independent. Medan han budde i USA på 1990-talet skreiv Bryson ei fleirårig spalte for ei britisk avis om humoristiske sider ved tilbakevendinga si til heimlandet. Nokre av desse blei omforma til boka hans I'm a Stranger Here Myself (USA), kalla Notes from a Big Country i Storbritannia, Canada og Australia. Medan han budde i USA bestemte Bryson seg for å gå fotturen Appalachian Trail med vennen Stephen Katz (pseudonym), noko han skreiv om i boka A Walk in the Woods. Boka blei filmatisert i 2015 med Robert Redford i rolla som Bryson og Nick Nolte i rolla som Katz.[12]
I 2005 blei Bryson utnemnd til chancellor ved Durham University etter sir Peter Ustinov.[13] Han blei meir aktiv i høve til studentaktivititetar enn det som er vanleg for denne seremonielle rolla. Han var mellom anna med i ein studentfilm og promoterte søppelsanking i byen.[14] Bryson hadde rosa Durham som «a perfect little city» i Notes from a Small Island. I oktober 2010 blei det kjend at Bryson kom til å forlata rolla ved slutten av 2011.[15]
I mai 2007 blei Bryson leiar for organisasjonen Campaign to Protect Rural England.[16][17] Han fokuserte fyrst på å skipa ein kampanje mot forsøpling i heile England. Han diskuterte framtida til landsbygda med Richard Mabey, Sue Clifford, Nicholas Crane og Richard Girling ved CPRE sin Volunteer Conference i november 2007.[12]
I oktober 2020 gjorde Bryson det kjend at han hadde «pensjonert» seg frå å skriva bøker.[18]
Med Royal Society of Chemistry blei Bill Bryson Prize for Science Communication skipa i 2005.[22]
22. november 2012 omdøypte Durham University offisielt hovudbiblioteket sitt til Bill Bryson Library til ære for innsatsen hans som chancellor ved universitetet.[23][24] Biblioteket har også ein kafé med namn etter Bryson si bok Notes from a Small Island.[25]
I 2013 blei Bryson vald til æresmedlem av Royal Society,[26] som den fyrste ikkje-briten.[27][28]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.