From Wikipedia, the free encyclopedia
Wramplingham er ein landsby og eit civil parish i det engelske fylket Norfolk. Han ligg ved elva Tiffey rundt 4 mile (6,4 km) nord for Wymondham og 7 mile (11 km) vest for Norwich. Civil parish-området dekkjer 3,47 km², og hadde i 2001 eit folketal på 110 som budde i 44 hushaldningar. Dette hadde auka til 115 innbyggjarar i 51 hushaldningar ved folketeljinga i 2011.
Wramplingham | |||
landsby | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Fylke | Norfolk | ||
Areal | 3,47 km² | ||
Folketal | 113 (2021)[1] | ||
Wramplingham 52.613388888889°N 1.1181388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Wramplingham | |||
Fyrstedelen av namnet har ei ukjend tyding, men kan kanskje visa til eit personnamn eller eit stadnamn. Andredelen viser til ein busetnad eller eit avgrensa landområde.[2]
Kyrkja Wramplingham St Peter and St Paul er frå mellomalderen, og har eit rundt kyrkjetårn.[3]
Wramplingham Mill var ei kornmølle på tre etasjar som blei riven i 1945.[4]
Forfattaren Bill Bryson (f. 1951) budde i Wramplingham frå 2003 til 2013.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.