Aroánia
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Aroánia (gresk Αροάνεια), òg skrive Aroneia, eller Khelmós (gresk Χελμός), òg skrive Chelmos eller Helmos, er ei fjellkjede i Hellas. Ho er om lag 15-20 km lang frå nord til sør (nordaust for Lykouría til sørvest for Diakoptó) og om lag 5-10 km frå vest til aust (frå aust for Kalávryta til grensa mellom periferieiningane Akhaía og Korinthía). Fjellkjeda ligg i Akhaía og i antikken var ho ein del av Arkadía. I mellomalderen og fram til 1900-talet vart fjellet kalla Khelmós.
Aroánia/Khelmós Αροάνεια/Χελμός | |||
fjell | |||
Land | Hellas | ||
---|---|---|---|
Område | Søraust i Akhaía | ||
Høgd | 2 341 moh. | ||
Koordinatar | 37.983°N 22.183°E | ||
Aroánia 37.968888888889°N 22.193888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Chelmos Mountain | |||
På fjellet ligg Kalávryta skisenter, som ligg nord på fjellet. Toppen av fjellet er den tredje høgaste på halvøya. Grottene Spíleo Limnón ligg i vest og Méga Spíleo i nordvest. Fjellet Kyllíni ligg like i aust, og frå toppen kan ein sjå dei nordlege områda av Arkadía i sør, og fleire fjell i vest og nordvest. Korintbukta ligg i nord. Elva Vouraikós (i antikken Buraikos) renn i nordvest. På fjellet står det eit kommunikasjonstårn for radio- og TV-stasjonar i Kalávryta.
Aroneia består av skogområde mellom 800 og 1 800 meter med ein type furu i vest, aust og i sør. Område over om lag 1 500 meter er hovudsakleg berre i dei sentrale områda og grassletter og steinar dominerer høgareliggande område i aust.
Den tidlegare kommunen Aroánia, som har fått namn etter fjellet, ligg sørvest for fjellkjeda. Sete i kommunen er Psofída.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.