From Wikipedia, the free encyclopedia
Periferieininga Arkadía (gresk Περιφερειακή ενότητα Αρκαδίας, Periferiakí enótita Arkadías) er ei periferieining i Hellas i periferien Peloponnes.[2] Hovudstaden i periferieininga er Trípoli. Arkadía har fått namnet sitt frå den mytologiske kongen Arkas.
Periferieininga Arkadía Περιφερειακή ενότητα Αρκαδίας | |
---|---|
| |
Periferi | Peloponnes |
Hovudstad | Trípoli |
Folketal | 77 592 (2021[1]) |
Areal | 4 419 km² |
Folketettleik | 18/km² |
Kommunar | 5 |
Postnummer | 22x xx |
Retningsnummer | 275x0, 279x0, 2710 |
Bilnummer | TP |
Heimeside | www.arcadia.gr |
Arkadía er det største prefekturet på halvøya Peloponnes. Det dekkjer om lag 18 % av heile halvøya, men var ein gong større. Arkadía grensar til Lakonía i sør, Messinía i sørvest, Ilía i vest, Akhaía i nord, Korinthía i nordaust og Argolída i aust. I tillegg har Arkadía kystlinje mot Egearhavet i søraust.
Ein finn skisenter på fjellet Ménalo, om lag 20 km nordvest for Trípoli. Andre fjell er Párnonas i søraust, Artemísio, Olíjyrtos, Lýkeo og Trakhý.
Tidlegare var Arkadía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.[2]
Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune | Postnummer |
---|---|---|---|
Arkadía | Gortynía | Dimitsána | 220 07 |
Vytína | 220 10 | ||
Iréa | 220 28 | ||
Klítoras | 220 28 | ||
Kontovázena | 220 15 | ||
Langádia | 220 03 | ||
Trikóloni | 220 24 | ||
Trópea | 220 08 | ||
Megalópoli | Megalópoli | 222 00 | |
Górtyna | 220 22 | ||
Falesía | 220 21 | ||
Trípoli | Trípoli | 221 00 | |
Valtétsi | 220 27 | ||
Korýthio | 221 00 | ||
Levídi | 220 02 | ||
Mandínia | 220 05 | ||
Skirítida | 220 16 | ||
Tejéa | 220 12 | ||
Fálanthos | 221 00 | ||
Nord-Kynouría | Nord-Kynouría | 220 01 | |
Sør-Kynouría | Leonídio | 223 00 | |
Kosmás | 230 58 | ||
Tyrós | 220 29 | ||
Klimaet i prefekturet består av varme somrar og milde vintrar i aust, sør og lågtliggande område sentralt. Området får hovudsakleg regn om hausten og om vinteren. Snø er vanleg i fjellområda, særleg i vest og i nord.
På grunn av det kuperte terrenget og alle fjella har Arkadía alltid vore ein klassisk tilfluktsad. Under den doriske invasjonen, då mykenske grekarar vart erstatta av doriske grekarar langs kysten av Peloponnes, overlevde dei i Arkadía og utvikla den arkadokypriotiske dialekten i antikken.
Ein av mogelege fødestadar for Zevs er fjellet Lycaeum i Arkadía. Lyakon, ein kannibalistisk pelasgisk konge, vart omvandla til ein varulv av Zevs. Fjellet skal òg ha vore fødestaden til Zevs sin son, Hermes.
Arkadía vart ein del av Romarriket og seinare Austromarriket. Tidleg på 1000-talet vart det ein del av Frankarriket. På midten av 1400-talet vart området erobra av Det osmanske riket. I denne perioden vart det grunnlagd mange byar og landsbyar.
Etter 400 år med osmansk okkupasjon vart Arkadía midtpunktet i den greske sjølvstendekrigen. Etter siger i krigen vart Arkadía ein del av den nye greske staten. Arkadía fekk så økonomisk vekst, men noko emigrasjon. Emigrasjonen auka kraftig på 1900-talet og mange drog til Amerika. Mange arkadiske landsbyar mista halvparten av innbyggjarane.
Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:
Tettstad | Kommune | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Trípoli | Trípoli | 30 866 | 30 383 |
Megalópoli | Megalópoli | 5 748 | 5 325 |
Leonídio | Sør-Kynouría | 3 761 | 3 737 |
Ástros | Nord-Kynouría | 2 285 | 2 326 |
Parálio Ástros | Nord-Kynouría | 1 043 | 1 059 |
Levídi | Trípoli | 1 025 | 920 |
Paralía Tyroú | Sør-Kynouría | 925 | 784 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.