Kyllíni
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kyllíni (gresk Κυλλήνη) eller Kyllene, stundom kalla Zíria (gresk Ζήρια), er eit fjell på Peloponneshalvøya i Hellas. Det stig til 2 374 moh og er det nest høgaste på halvøya. Det ligg nær grensa mellom dei historiske områda Arkadía og Akhaía, nordaust i Arkadía og i det som i dag er Korinthía. Fjellet ligg vest for byen Korint, nordvest for Stymfalía, nord for Trípoli og sør for Dervéni.
Kyllini Κυλλήνη | |||
fjell | |||
Land | Hellas | ||
---|---|---|---|
Område | Korinthía | ||
Høgd | 2 374 moh. | ||
Koordinatar | 37.941°N 22.4°E | ||
Kyllíni 37.939166666667°N 22.396666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Mount Kyllini | |||
I gresk mytologi vart Hermes fødd i ei heilag grotte i fjellet. I antikken stod det eit tempel og ein statue tileigna han på toppen av fjellet. Kyllene var ei fjellnymfe (ein oreade), som heldt til på fjellet.
Hyginos skriv at det var på Kyllíni at sjåaren Tiresias endra kjønn då han vart biten av to slangar som para seg. Mykje av fjellet er bert og steinete, men under 2 000 meter kan ein finne store skogområde. Det ligg eit observatorium på 908 meter. Frå toppen kan ein sjå store del ar av det nordaustlege Peloponnes, inkludert dei austlege områda av Akhaía og Aroánia (Khelmós), Korintbukta og det meste av Korinthía. Dei næraste fjellkjedene er Olíjyrtos i sør og Aroánia (Khelmós) i vest.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.