kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia
Agrigento (siciliansk Girgenti) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Agrigento på Sicilia og har om lag 60 000 innbyggjarar.
Han var kjend som ein av dei førande byane i Magna Graecia, dei greske områda i Italia i antikken. og vart då kalla Acragas på gresk (latin Agrigentum, arabisk Kerkent).
Det arkeologiske området i Agrigento, Valle dei Templi eller Tempeldalen, er skrive inn på UNESCO si verdsarvliste.
Agrigento vart grunnlagd på eit platå oppfor sjøen, nær dei to elvane Hypsas og Akragas, og ein rygg nordover som gav eit visst naturleg vern. Han vart grunnlagd rundt 582-580 fvt. av greske kolonistar frå Gela med namnet Akragas.
Akragas voks raskt og vart ein av dei rikaste og mest kjende greske koloniane i Magna Graecia. Han voks særleg fram under tyrannane Phalaris og Theron på 500-talet fvt. og vart eit demokrati etter at Theron sin son Thrasydaeus vart styrta. Sjølv om byen var nøytral i konflikten mellom Aten og Siracusa vart demokratiet styrta og byen plyndra av Kartago i 406 fvt. Akragas kom seg aldri heilt tilbake til sin tidlegare velstand, men kom seg litt under Timoleon på siste del av 300-talet fvt.
Byen vart plyndra av både romarane og kartagarane på 200-talet - romarane i 262 fvt. og kartagarane i 255 fvt. Han vart hardt råka av den andre punarkrigen (218-201 fvt.) då både Roma og Kartago kjempa om å få kontroll over byen. Romarane erobra til slutt Akragas i 210 fvt. og gav han namnet Agrigentum, sjølv om det stort sett berre var gresktalande i byen dei neste hundre åra i ettertid. Han blømde igjen under det romerske styret og innbyggjarane fekk fulle borgarrettar etter Julius Cæsar døydde i 44 fvt.
Etter Romarrikets fall gjekk byen til austgotarane i Italia og så til Austromarriket. I denne perioden flytta innbyggjarane i Agrigentum dei lågareliggande delane av byen og flytta opp til den tidlegare akropolisen på toppen av åsen. Årsaka til dette er ukjend,m en det var truleg på grunn av kystraida til sarasenarane, berbarar og andre folkeslag. I 828 erobra sarasenarane byen og gav han namnet Kerkent, som seinare vart til Girgenti på siciliansk, eit namn han hadde fram til 1927, då Mussolini gjeninnførte italienske utgåver av dei latinske namna.
Agrigento vart erobra av normannarar under grev Roger I i 1087, som oppretta eit latinsk bispedøme der. Folketalet fall gjennom store delar av mellomalderen, men kom seg noko att på 1700-talet. I 1860 støtta innbyggjarane Giuseppe Garibaldi sitt forsøk på å samle Italia med stor iver.
Byen vart hardt råka av dei allierte sine bombetokt under den andre verdskrigen.
Norske Monica Valen vart verdsmeister då VM i landevegssykling 1994 vart avvikla i Agrigento.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.