From Wikipedia, the free encyclopedia
Adora (hebraisk skrift אֲדוֹרָה, òg Adorah) er ei israelsk busetjing og ein kollektiv landsby i Judeafjella sør på den okkuperte Vestbreidda, nordvest for Hebron. Han vart grunnlagd i 1984 og ideologisk høyrer samfunnet til bondeorganisasjonen Herut–Betar. Adora har eit folketal på 278 (2012)[1] og er underlagt Har Hebron regionale kommune. I følgje Osloavtalen frå 1993 mellom Israel og Palestinsk frigjeringsorganisasjon, var Adora tiltenkt Område C under full israelsk sivil og militær kontroll.[2]
Adora | |||
אֲדוֹרָה | |||
landsby | |||
Region | Vestbreidda | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Har Hebron | ||
Koordinatar | 31°33′08″N 35°01′08″E | ||
Folketal | 278 (2012)[1] | ||
Grunnlagd | 1982/84 | ||
Tilhøyrsle | Herut–Betar | ||
Adora i Har Hebron 31.552222222222°N 35.018888888889°E | |||
Kart som viser Adora i Har Hebron.
| |||
Wikimedia Commons: Adora, Har Hebron | |||
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3]
I følgje ein rapport frå Peace Now frå 2006, er 36,01 prosent av landområdet som Adora er bygd på, privateigd, hovudsakleg av palestinarar.[4] I følgje israelske lov er busetjinga på privateigd palestinsk jord ulovleg.[5]
Adora ligg aust for Israel si sperring på Vestbreidda, 6,4 kilometer frå Den grøne linja i Judeafjella nordvest for Hebron i ei høgd på 692 meter over havet.[6]
Den 27. april 2002 kom tre palestinske geværmenn, utkledde som israelske soldatar, inn i Adora og tok livet av fire innbyggjarar, inkludert ei fem år gammal jente, medan sju andre vart skadde. Ein av angriparane vart sidan drepen av IDF.[7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.