<300-talet f.Kr.> markerte eit høgdepunkt for klassisk gresk sivilisasjon, både i utstrekking og kultur. Medan ei rekkje sjølvstendige greske koloniar hadde spreidd seg i dei austre middelhavslanda, utførte Aleksander den store store erobringar som spreidde gresk kultur langt austover. Etter Aleksander blei riket delt mellom generalane hans, som grunnla kongerike utan det demokratiet ein hadde funne i mange tidlegare greske statar. Denne tida blir kalla hellenismen.
I Kina var heile hundreåret prega av dei krigande statane, der sju ulike statar kriga med kvarandre.
393 fvt:
Muthis blei konge av Egypt etter far sin, men blei avsett av Psammuthis.
Makedonarkongen Aleksander den store avslo forslag om fred og vennskap frå Darius III av Persarriket, og gjekk inn i Mesopotamia.
Aleksander den store okkuperte Damaskus og erobra Tyr etter ei beleiring på sju månader. Den motstridige byen blei jamna med jorda og kvinner og barn derfrå selde som slavar.
Den makedonske generalen Parmenion blei igjen i Syria medan Aleksander marsjerte sørover. I Gaza møtte han sterk motstand og fekk ein alvorleg skulderskade.
Aleksander den store erobra Egypt frå persarane utan problem, og framstod som ein ny farao. Han grunnla byen Alexandria ved kysten av Middelhavet.
Aten blei utestengd frå dei olympiske leikane etter at ein atlet, Callippos, blei funnen skyldig i juks. Då atleten ikkje kunne og byen ikkje ville betala boten for dette, blei Aten utestengd.