From Wikipedia, the free encyclopedia
Mengzi[lower-alpha 1] (truleg 372–289 fvt.) var ein kinesisk lærd og filosof, og ein av dei mest framtredande tenkjarane innan konfutsianismen. Han skal ha reist rundt i Kina i førti år for å gje råd om reformer til herskarar, og tjenestegjorde i statsdanninga Qi frå 319–312 fvt.
Mengzi hevda at mennesket var grunnleggjande godt og at det var den negative innverknaden frå samfunnet som resulterte i ein dårleg moralsk karakter. Han argumenterte for at det var akseptabelt for folket å kasta og jamvel drepa ein leiar som oversåg folket sine behov og herska med hard hand. Mengzi meinte at mennesket er fødd med ein moralsk sans som har vorte korrumpert av samfunnet, og at målet for moralsk kultivering er å venda attende til denne medfødde moralske sansen.
Mengzi si tolking av konfusianismen har av seinare kinesiske filosofar vorte rekna å vera den ortodokse tolkinga. Boka Mengzi (også Mencius og Meng-tzu), som inneheld samtalar mellom Mengzi og herskarar i dåtidas Kina, er ei av dei fire bøkene i konfutsianismen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.