«Blücher»
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Blücher» var eit tysk krigsskip oppkalla etter den prøyssiske generalfeltmarskalken og fyrsten Gebhard Leberecht von Blücher (1742–1819).[2] Skipet vart sjøsett 8. juni 1937,[2] og hadde åtte kanonar, 12 antiluftskyts og tolv torpedorøyr.
«Blücher» | ||||
---|---|---|---|---|
Karriere i Tyskland |
||||
Klasse: | Admiral Hipper-klassen | |||
Type: | Kryssar | |||
Bestilt: | 30. oktober 1934[1] | |||
Kostnad: | 87,8 millioner Reichsmark | |||
Verft: | Deutsche Werke Kiel | |||
Byggjenummer: | 246 | |||
Kjølstrekking: | 15. august 1935[1] | |||
Sjøsett: | 8. juni 1937 | |||
Heimehamn: | Kiel | |||
Framdrift: | 3 dampturbinar gav 132 000 hk fordelt på 3 propeller[1] | |||
Generelle eigenskapar | ||||
Deplasement: |
standard 14 050 tonn standard fullasta 18 200 tonn | |||
Djupgang: | 7,2 meter | |||
Mannskap: | 1 000 | |||
Skipet vart senka på veg inn i Oslofjorden om morgonen 9. april 1940 ved Oscarsborg festning, av to torpedoar frå Nordre Kaholmen. Meir kjent er skota frå 28 cm-kanonane Moses og Aron, men ingen av desse var fatale for «Blücher». Av mannskapet på 1308 menn omkom om lag 1000 i det kalde vatnet. Senkinga av «Blücher» sette seinka det tyske okkupasjonsforsøket. Resten av eskadren trudde sundet var minelagt (grunna torpedotreffa), og gjekk ikkje lenger inn fjorden. Senkinga gav norske styresmakter med kong Haakon VII i spissen tid til å flykta. Planen var at dei tyske skipa skulle koma inn til Oslo grytidleg på morgonen og ta den norske hovudstaden.
Vraket ligg på botnen av Oslofjorden, aist for Askholmene, og vart i juni 2016 freda som krigsminne og gravminne.[3] Vraket lek olje og utgjer ein miljøtrussel for Drøbaksundet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.