From Wikipedia, the free encyclopedia
Wish You Were Here er det niande studioalbumet til det engelske rockebandet Pink Floyd. Det vart gjeve ut 12. september 1975 på Harvest Records og Columbia Records, den første utgjevinga deira på sistnemnde. Wish You Were Here var basert på materiale Pink Floyd komponerte medan dei var på turné i Europa og vart spelt inn spreidd utover 1975 i Abbey Road Studios i London.
Wish You Were Here Studioalbum av Pink Floyd | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. september 1975 | |
Innspelt | Januar til juli 1975 | |
Studio | Abbey Road Studios i London | |
Sjanger | ||
Lengd | 44:36 | |
Selskap | ||
Produsent | Pink Floyd | |
Pink Floyd-kronologi | ||
---|---|---|
The Dark Side of the Moon (1973) |
Wish You Were Here | Animals (1977)
|
Singlar frå Wish You Were Here | ||
|
Albumet dekkjer ei rekkje tema, som kritikk mot musikkindustrien, framandgjering og ei hyllest til den opphavlege medlemmen Syd Barrett, som slutta sju år tidlegare på grunn av dårleg mental helse. Som på det førre albumet deira, The Dark Side of the Moon (1973), brukte Floyd mykje studioeffektar og syntheziser og henta inn gjestesongarar, inkludert Roy Harper, som song solovokal på «Have a Cigar», og Venetta Fields, som song korvokal på «Shine On You Crazy Diamond». For å marknadsføre albumet gav bandet ut den doble A-sida «Have a Cigar»/«Welcome to the Machine».
Wish You Were Here fekk blanda kritikk då det kom ut, der somme meinte musikken var uinspirerande og ikkje like bra som det dei tidlegare hadde gjort. Seinare har albumet nesten utelukkande fått strålande kritikk og blitt rekna som eit av dei beste albuma gjennom tidene. Klaverspelaren Richard Wright og gitaristen David Gilmour har begge omtalt dette som favorittalbumet sitt av Pink Floyd. Albumet gjekk til topps på albumlistene i både USA og Storbritannia, og moderselskapet til Harvest, EMI, klarte ikkje å trykkje nok plater til å dekkje etterspurnaden. Sidan den gongen er et estimert at albumet har seld 13 millionar eksemplar.
I 1974 skisserte Pink Floyd tre nye komposisjonar, «Raving and Drooling», «You Gotta Be Crazy» og «Shine On You Crazy Diamond». Dei to førstnemnde vart seinare omdøypte «Sheep» og «Dogs», og kom ut på Animals.[4] Desse songane vart framførte på ei rekkje konsertar i Frankrike og England, den første turneen deira sidan The Dark Side of the Moon i 1973. Sidan Pink Floyd aldri hadde tilsett ein publisist og halde seg på avstand frå pressa, byrja forholdet deira til media å surne. Mason sa at ei kritisk melding i NME til det nye materialet til bandet, skriven av Syd Barrett-tilhengjaren Nick Kent, kan ha påverka bandet i å halde saman då dei drog attende i studio den første veka av 1975.[5]
Wish You Were Here er det andre albumet til Floyd med eit konsept skrive heilt av Roger Waters. Det reflekterer kjenslene hans over at kameratskapen som hadde tent bandet før no var nesten heilt borte.[6] Albumet byrjar med ein lang, innleiande instrumental og glir inn i versa til «Shine On You Crazy Diamond», ei hyllest til Syd Barrett, som måtte forlate bandet sju år tidlegare då han braut mentalt saman.[7] Barrett vert på kjærleg vis minna med linjer som «Remember when you were young, you shone like the sun» og «You reached for the secret too soon, you cried for the moon».[8]
Wish You Were Here er òg kritisk til musikkindustrien. «Shine On» glir saumlaust inn i «Welcome to the Machine», ein song som byrjar med ei dør som opnast (skildra av Waters som eit symbol på den musikalske oppdaginga og utviklinga som var forråda av musikkindustrien, som var meir interessert i grådigskap og suksess) og endar med ein fest, som illustrerer «mangelen på kontakt og verkeleg kjensler mellom folk». På liknande vis foraktar «Have a Cigar» «pampane» med ein tekst som repeterer ein straum av klisjear som talentfulle nykomarar høyrer i industrien og inkluderer spørsmål som «og forresten, kven av dykk er det som er Pink?» som bandet ved minst eitt høve fekk spørsmål om.[9] Teksten til den neste songen «Wish You Were Here», fortel både om tilstanden til Barrett og motsetnaden til karakteren til Waters, der grådigskap og ambisjonar kjempar mot medkjensle og idealisme.[10] Albumet avsluttar med ein reprise av «Shine On» og fleire lange instrumentalar.
«Eg hadde noko kritikk mot Dark Side of the Moon…» sa David Gilmour. «Ein eller to av reiskapane som bar ideane fram var ikkje like sterke som ideane dei frakta. Eg meinte me burde prøve hardare å knyte saman ideen og reiskapen som bringa fram ideen, slik at begge hadde like stor magi… Det var noko eg personleg prøvde å presse fram då me laga Wish You Were Here.»[11]
Alan Parsons, som var tilsett som lydteknikar hos EMI for det førre studioalbumet deira, The Dark Side of the Moon, hadde avslått tilbodet om å arbeide med bandet igjen. Gruppa hadde arbeidd med lydteknikaren Brian Humphries på More, innspelt i Pye Studios,[12] og igjen i 1974 då han erstatta ein uerfaren konsertlydteknikar.[13] Humphries var derfor eit naturleg val for dei nye innspelingane, sjølv om han ikkje var kjend med oppsettet i Abbey Road og hadde nokre vanskar i starten. Ved eit høve var Humphries uforsiktig og øydela eit akkompagnement for «Shine On» med ekko, eit stykke som Waters og trommeslagaren Nick Mason hadde brukt timar på å gjere perfekt. Heile stykket måtte spelast inn på nytt.[9][14][15]
Innspelinga for Wish You Were Here i Abbey Road Studio 3[16] varte frå januar til juli 1975, fire dagar i veka frå 14:30 til seint på kveld eller natt.[17] Gruppa hadde i starten vanskar med å skrive nytt materiale, særleg sidan suksessen med The Dark Side of the Moon hadde tappa alle fire tomme for krefter både fysisk og psykisk. Richard Wright skildra seinare desse innspelingane som «ei vanskeleg tid», og Waters hugsa dei som «ei pine».[18] Mason meinte prosessen med fleirsporsinnspeling var langtekkeleg og keisam,[19] medan Gilmour var meir interessert i å utbetre materialet bandet alt hadde. Gilmour vart òg stadig meir frustrert med Mason, som gjekk gjennom eit ekteskapsbrot og var både apatisk og generelt utilpass, noko som påverka tromminga hans.[18]
« | Det var ei særs vanskeleg tid må eg seie. Alle barndomsdraumane dine var blitt oppfylte og me hadde den mestseljande plata i verda og alt du hadde kjempa for. Jentene og pengane og heidringa og alt det der ... me hadde oppnådd alt og du måtte vurdere på nytt kva du gjorde det for, og det var særs forvirrande og på eit vis tomt for ei stund. | » |
—David Gilmour[15] |
Humphries snakka om desse slitsame dagane i eit intervju i 2014: «Det var dagar då me ikkje gjorde noko som helst. Eg trur ikkje dei visste kva dei ville gjere. Me hadde dart og luftgevær og me spelte desse ordspela, sat der, vart fulle, gjekk heim og kom attende dagen etter. Slik heldt me på ei stund til alt brått fall på plass.»[17]
Etter fleire veker byrja Waters å visualisere eit konsept.[18] De tre nye komposisjonane frå turneen i 1974 var i det minste eit utgangspunkt for eit nytt album, og «Shine On You Crazy Diamond» verka som eit høvande val som midtpunkt for det nye prosjektet. Det var hovudsakleg ein instrumental på over tjue minuttar, liknande «Echoes». Dei fire gitarnotane i opninga minna Waters om anda etter den tidlegare bandmedlemmen Syd Barrett, som stadig hang over dei.[20] Gilmour hadde komponert riffet heilt tilfeldig, men vart oppmuntra av den positive responsen til Waters.[21] Waters ønskte å dele opp «Shine On You Crazy Diamond», og setje inn to nye songar mellom dei to halvdelane. Gilmour var ikkje samd, men vart nedstemt av dei tre andre.[22] «Welcome to the Machine» og «Have a Cigar» var eit dårleg skjult åtak på musikkindustrien, og tekstane fungerte fint attmed «Shine On» til å skape ein høveleg oppsummering av soga om Barrett.[23] Waters sa dette var «fordi eg ønskte å kome så nærme som mogeleg til det eg følte ... den slags udefinerbare, uunngåelege melankolien kring forsvinninga til Syd.»[20] «Raving and Drooling» og «You Gotta Be Crazy» fekk ikkje plass i det nye konseptet, og vart sett til side for det neste albumet, Animals i 1977.[6]
Den 5. juni 1975, dagen før den andre amerikanske turneen til Pink Floyd, gifta Gilmour seg med den første kona si, Ginger. Den dagen skulle bandet gjere ferdig miksen av «Shine On You Crazy Diamond» (Nick Mason har vore tvilsam til at dette stemmer[16]) då ein overvektig mann med barbert hovud og barberte augnebryn og ein plastpose kom inn i studioet. Waters kjende han ikkje.[7] Gilmour tenkte det var ein som arbeidde i EMI.[21] Wright tenkte det var ein ven av Waters, men forstod så at det var Barrett.[24] Mason såg heller ikkje kven det var og vart «skrekkslått» då Gilmour identifiserte han. I memoarane til Mason om Pink Floyd, Inside Out, minnast han samtalen med Barrett som «tilfeldig og ikkje heilt fornuftig».[25] Storm Thorgerson snakka om vitjinga til Barrett: «To eller tre personar gret. Han sat der ei stund og prata, men i røynda var han ikkje der.»[26]
Waters var ein av dei som fekk tårer i augo då han såg den tidlegare bandkollegaen. Andrew King, som òg var på vitjing, spurte Barrett om korleis han hadde lagt på seg så mykje og Barrett svarte at han hadde eit stort kjøleskap og hadde ete mange svinekotelettar. Han sa han var klar til å hjelpe dei med innspelinga, men då han lytta til miksen av «Shine On», synte han ingen teikn på å forstå at songen omhandla han sjølv. Barrett vart med på bryllaupsmiddagen til Gilmour i kantina til EMI, men drog utan å seie farvel. Det var siste gongen bandet såg Barrett før han døydde i 2006.[27] Barrett kan ha påverka den endelege versjonen av «Shine On You Crazy Diamond»; og heilt mot slutten av albumet kan ein svakt høyre Wright spele refrenget frå «See Emily Play».[25]
«Eg er særs trist når det gjeld Syd. Sjølvsagt var han viktig og bandet hadde aldri blitt starta opp om det ikkje var for han og alle songane han skreiv. Det kunne ikkje skjedd utan han, men kunne heller ikkje ha halde fram med han. «Shine On» handlar ikkje eigentleg om Syd—han var berre eit symbol på alle dei ekstreme fråvera nokre menneske må gje seg hen til fordi det er den einaste måten dei kan takle kor jævla trist det moderne livet er, å trekkje seg fullstendig attende. Eg syns det var forferdeleg trist.» —Roger Waters[28]}}
Som med The Dark Side of the Moon nytta bandet synthesizerar som EMS VCS 3 (på «Welcome to the Machine»), men mjuka det opp med den akustiske gitaren til Gilmour og perkusjonen til Mason.[9] Byrjinga av «Shine On» inneheld restar frå eit tidlegare studioprosjekt kjend som «Household Objects». Der vart vinglas fylte med forskjellig mengder væske og dei brukte ein våt finger langs kanten av glaset for å skape lyd. Desse innspelingane vart lagt spor på spor for å skape akkordar,[6] og brukt i opninga på «Shine On».
Jazzfiolinisten Stéphane Grappelli og den klassiske fiolinisten Yehudi Menuhin spelte i eit anna studio i bygningen og vart inviterte inn for å spele eit stykke for det nye albumet. Menuhin såg på medan Grappelli spelte på songen «Wish You Were Here»; men bandet meinte seinare at bidraget hans ikkje passa inn og fram til 2011 trudde ein at dette var blitt sletta.[29][30] Det viste seg at spelinga hans er med på sporet, men så lågt i miksen at bandet meinte det var fornærmande å føre han opp som musikar.[31] Han fekk betalt 300 pund for bidraget sitt.[32] Dick Parry spelte igjen saksofon, på «Shine On You Crazy Diamond».[33] Opninga av «Wish You Were Here» vart spelte inn frå bilradioen til Gilmour, der nokon skrur på innstillinga (den klassiske musikken ein kan høyre er Tsjakovskij sin Fjerde symfoni).[34]
Det var to pausar i innspelinga då bandet var på amerikanske turnear (ein i april og ein i juni 1975),[35] og den siste innspelinga var etter at bandet hadde spelt på Knebworth. Denne vart særleg vanskeleg for Waters.[22] Han sleit med å spele inn vokalen for «Have a Cigar», og måtte ha mange opptak på å få til ein akseptabel versjon. Problema hans kom dels frå belastninga han hadde utsett røysta si for under solovokalen på «Shine On You Crazy Diamond». Gilmour vart beden å syngje i staden for,[29] men ville ikkje, og til slutt spurte dei kollegaen og venen Roy Harper om å steppe inn. Harper spelte inn sitt eige album i eit anna studio i Abbey Road og Gilmour hadde alt spelt inn noko gitar for han. Waters angra seinare på avgjersla og meinte han burde ha sunge songen sjølv.[36] The Blackberries song korvokal for «Shine On You Crazy Diamond».[33]
Bandet spelte mykje av Wish You Were Here den 5. juli 1975 på Knebworth-festivalen. Roy Harper spelte same dagen og då han oppdaga at scenekostymet hans mangla klarte han å øydeleggje ein av minibussane til Pink Floyd og skadde seg sjølv i prosessen. Dette forseinka oppsettet av lydsystemet til bandet. Sidan dei hadde tinga eit par Spitfire-fly frå andre verdskrigen til å fly over publikum under konserten, kunne ikkje bandet utsetje oppstarten. Resultatet var at dei fekk trøbbel med energiforsyninga og klaverinstrumenta til Wright vart heilt ustemte, slik at heile framføringa deira vart øydelagd. Wright forlét scenen på eit tidspunkt, men bandet klarte å fortsetje med eit mindre sensitivt klaverinstrument, eit piano og eit enklare lysshow. Etter ein kort pause kom dei attende for å spele The Dark Side of the Moon, men kritikarane, som var misnøgde med å ikkje få kome bak scenen, slakta konserten.[37][38]
Innpakkinga av Wish You Were Here var noko meir utførleg enn det som var vanleg for eit Pink Floyd-album. Storm Thorgerson hadde vore med bandet på turneen deira i 1974 og tenkt mykje på tydinga av teksten, og kom til slutt fram til at dei handla meir generelt om «uoppfylt nærvære», enn sjukdomen til Barrett.[39] Dette temaet om fråvær vart reflektert i ideane som kom fram i dei mange timane som vart brukt i idédugnad med bandet. Thorgerson hadde merka seg at Roxy Music-albumet Country Life vart selt i eit ugjennomsikig grønt, cellofan-omslag – som sensurerte biletet på omslaget – og han kopierte denne ideen med å skjule framsida av Wish You Were Here-omslaget i ein svart plastfolie (slik at albumet vart «fråverande»). Konseptet bak «Welcome to the Machine» og «Have a Cigar» gav ideen om å bruke eit handtrykk (ein ofte tom gest) og George Hardie designa eit klistremerke med logoen til albumet med to mekaniske hender i eit handtrykk som vart plassert utanpå den svarte folien (denne logoen finst òg på etiketten til vinylplatene på ein svart og blå bakgrunn).[40][41]
Bileta på plateomslaget vart fotograferte av Aubrey «Po» Powell, partneren til Thorgerson i Hipgnosis, og var inspirerte av ideen om at folk ofte skjuler dei sanne kjenslene sine i frykt for «bli brend», og derfor vart dei forretningsmennene avbilda medan dei tar kvarandre i handa, medan den eine mannen er i brann. «Å bli brend eller svidd» var eit vanleg omgrep i musikkindustrien, ofte brukt av artistar som ikkje fekk utbetalt honorara sine. To stuntmenn (Ronnie Rondell og Danny Rogers), den eine kledd i brannhemmande drakt under dressen sin, vart avbilda. Hovudet var dekka av ei hette under ein parykk. Fotografiet vart teken i studioa til Warner Bros. i Los Angeles.[40][41] Først bles vinden feil veg, og flammane hamna i andletet til Rondell og brende barten hans. Dei to stuntmennene byta så plass og biletet vart seinare reversert.[42]
På baksida av omslaget er det eit bilete av ein andletslaus «Floyd-seljar», som i følgje Thorgerson, «sel sjela si» i ørkenen (teke i Yumaørkenen i California av Aubrey «Po» Powell). Fråværet av handledd og anklar syner til nærværet hans som ein «empty suit». Innsida av omslaget syner eit slør som dekkjer ei naken kvinne i ein forblåst lund i Norfolk, og ein stupar utan at vatnet sprutar i Mono Lake – kalla Monosee (den tyske omsetjinga av Mono Lake) i omslaget - i California (som igjen legg vekt på fråværstemaet).[40][41] Avgjersla om å skjule omslaget i svart plast var ikkje populært hos det amerikanske plateselskapet deira, Columbia Records, som insisterte på at dei endra det, utan at dei fekk medhald. EMI var ikkje like uroa over dette.[42][43] Bandet var visstnok særs nøgd med sluttproduktet og då dei vart presentert for ein prøve, braut det ut spontan applaus.[40]
Albumet kom ut 12. september 1975 i Storbritannia og dagen etter i USA.[44] Det var det første albumet Pink Floyd gav ut på Columbia Records, eit selskap tilknytt CBS. Bandet og manageren deira Steve O'Rourke hadde vore misnøgd med jobben den amerikanske delen av EMI, Capitol Records, hadde gjort.[45] Bandet vart verande på EMI sitt Harvest Records i Europa.[46]
I Storbritannia hadde albumet eit førehandssal på 250 000 og albumet gjekk rett inn på toppen av albumlista og etterspurnaden var så stor at EMI berre klarte å levere halvparten av bestillingane frå forhandlarane.[47] Med eit førehandssal på 900 000 (det største for ei Columbia-utgjeving)[48] gjekk det til topps på den amerikanske Billboard-lista den andre veka. Wish You Were Here var det raskast seljande albumet til Pink Floyd.[47] Albumet selde til sølv- og gullplate (60 000 og 100 000 eksemplar) i Storbritannia den 1. august 1975, og gullplate i USA den 17. september 1975. Det vart sertifisert til 6x platina den 16. mai 1997,[49] og det vart estimert at det i 2004 hadde seld 13 millionar verda over.[41] «Have a Cigar» vart vald ut av Columbia som den første singelen deira,[9] med «Welcome to the Machine» som B-side i USA. Albumet vart stor hit i Europa og toppa listene i Nederland, Storbritannia og Spania. I Spania låg det på toppen av lista i 20 veker.
Då albumet kom ut fekk det blanda kritikk. Ben Edmunds skreiv i Rolling Stone at bandet sin «slappe haldning» etterlet temaet Barrett «urealisert; dei gjev ei så sakleg opplesing av den jævla saka at dei like gjerne kunne ha sunge om at svogeren til Roger Waters hadde fått ei parkeringsbot.» Edmunds konkluderte med at bandet var «blotta» for «den oppriktig lidenskapen for 'kunsten' sin» som samtidige space rock-artistar visstnok hadde.[58] Melody Maker skreiv: «Uansett kva retning ein tilnærmar seg Wish You Were Here, høyrest det likevel ikkje overtydande ut i sin tunge oppriktigheit og syner ein kritisk mangel på fantasi på alle område.»[44]
Ei positiv melding kom frå Robert Christgau i The Village Voice: «Musikken er ikkje berre enkel og attraktiv, der synthesizeren hovudsakleg vert nytta til tekstur og gitarsoloane som kommentarar, men det oppnår faktisk noko av den symfoniske verdigheita (og kryssreferansane) som The Dark Side of the Moon simulerte med stor tyngde.»[59] År seinare sa han om plata: «Favorittalbumet mitt til Pink Floyd har alltid vore Wish You Were Here, og veit du kvifor? Det har sjel - det er Roger Waters sin sørgjesong over Syd. Det er ikkje ein person eg tenkjer på som ein tragisk helt, men så lenge Roger syns det, har det ikkje noko å seie.»[60]
Wish You Were Here har sidan ofte blitt trekt fram som eit av dei beste albuma gjennom tidene. I følgje Acclaimed Music er albumet det 189. høgast rangerte albumet på kritikarlistene gjennom tidene.[61] I 2012 vart det rangert på 211. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[62] I 2015 vart det kåra til det fjerde beste progressive rockealbumet av det same magasinet.[1] I 1998 kåra lesarane av Q Wish You Were Here til det 34. beste gjennom tidene.[63] I 2000 rangerte det same magasinet albumet på 43. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.[64] I 2007 spurte ein av dei største radiostasjonane i Tyskland, WDR 2, lyttarane sine om å kåre dei 200 beste albuma gjennom tidene og Wish You Were Here hamna heilt på toppen av lista.[65] I 2004 vart Wish You Were Here rangert på 36. plassen på lista til Pitchfork Media over dei hundre beste albuma frå 1970-åra.[66] IGN kåra Wish You Were Here til det åttande beste classic rock-albumet,[67] og Ultimate Classic Rock sette Wish You Were Here på andreplassen på lista si over dei beste Pink Floyd-albuma.[68]
Trass i problema under produksjonen var det favorittalbumet til Wright: «Det er eit album eg kan lytte til med glede, og det er ikkje mange Floyd-album eg kan det med.»[7][69] Gilmour hadde same synet: «Eg må sei det er favorittalbumet mitt, Wish You Were Here. Sluttresultatet av alt saman, kva det no enn var, har gjeve meg eit album eg kan absolutt kan leve lukkeleg med. Eg likar det særs godt.»[15]
Wish You Were Here har blitt ommastra og gjeve ut på ny i fleire format. I Storbritannia og USA vart det gjeve ut i kvadrofonisk lyd ved hjelp av SQ-format i 1976 og i 1980 kom ei spesiell Hi-Fi Today audiofil-utgåve i Storbritannia. Han kom ut på CD i USA i 1983 og i Storbritannia i 1985. Ein ommastra versjon kom ut på CD i 1994. I USA gav CBS Mastersound, under Columbia, ut ei audiofilutgåve på halv snøggleik i 1981, og i 1994 gav Sony Mastersound ut ein 24-karats gullbelagt CD ved hjelp av Super Bit Mapping.[41] Albumet kom ut som ein del av plateboksen Shine On,[70] og fem år seinare gav Columbia Records ut ein oppdatert ommastra CD som var 17 sekundar lengre enn EMI-utgåva frå 1994.[41]
Albumet kom ut på ny i 2000 i høve 25-årsjubileet på Capitol Records i USA.[41] I 2011 vart albuma ommastra i fleire utgåver som ein del av kampanjen Why Pink Floyd...?. Wish You Were Here - Immersion Box Set inneheld den nye ommastra utgåva i stereo, ein ikkje tidlegare utgjeven 5.1 kringlydmiks (2009) av James Guthrie på DVD og Blu-ray, ein kvadrofonisk miks (som tidlegare var gjeven ut på vinyl og 8-spors lydband) på DVD, og den originale stereomiksen (1975) på DVD og Blu-ray. Denne kampanjen bestod òg av den nye stereoutgåva på ein 180-grams vinyl, i tillegg til 2011-utgåva og 5.1-kringlydmiksen (2009) på ein hybrid Super Audio CD (SACD). I 2016 vart 180 grams vinylutgåva gjeve ut på bandet sitt eige Pink Floyd Records, ommastra av James Guthrie, Joel Plante og Bernie Grundman.
All tekst er skriven av Roger Waters.
Nr. | Tittel | Musikk | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Shine On You Crazy Diamond (Parts I–V)» | Gilmour, Wright, Waters | Waters | 13:32 |
2. | «Welcome to the Machine» | Waters | Gilmour | 7:32 |
Total lengd: | 21:04 |
Nr. | Tittel | Musikk | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Have a Cigar» | Waters | Roy Harper | 5:08 |
2. | «Wish You Were Here» | Gilmour, Waters | Gilmour | 5:35 |
3. | «Shine On You Crazy Diamond (Parts VI–IX)» | Wright, Gilmour, Waters (Parts 6–8) Wright (Part 9) | Waters | 12:30 |
Total lengd: | 23:13 |
Pink Floyd
Andre medverkande
|
Produksjon
|
Liste (1975) | Plassering |
---|---|
Australian Albums (Kent Music Report)[73] | 1 |
Austerrikske album (Ö3 Austria)[74] | 2 |
Canada Top Albums/CDs (RPM)[75] | 14 |
Nederlandske album (MegaCharts)[76] | 1 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[77] | 6 |
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[78] | 1 |
Norske album (VG-lista)[79] | 2 |
Spanish Albums (AFE)[80] | 1 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[81] | 14 |
Britiske album (OCC)[82] | 1 |
US Billboard 200[83] | 1 |
Liste (1978) | Plassering |
Austerrikske album (Ö3 Austria)[84] | 23 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[85] | 6 |
Britiske album (OCC)[86] | 52 |
Liste (1994) | Plassering |
Tyske album (Offizielle Top 100)[87] | 33 |
Britiske album (OCC)[88] | 52 |
Liste (1997) | Plassering |
Tyske album (Offizielle Top 100)[89] | 33 |
Liste (2006) | Plassering |
Belgiske album (Ultratop Flandern)[90] | 85 |
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[91] | 95 |
Italienske album (FIMI)[92] | 13 |
Spanske album (PROMUSICAE)[93] | 67 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[94] | 70 |
Liste (2011) | Plassering |
Austerrikske album (Ö3 Austria)[95] | 31 |
Belgiske album (Ultratop Flandern)[96] | 77 |
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[97] | 68 |
Tsjekkiske album (CNS IFPI)[98] | 34 |
Nederlandske album (MegaCharts)[76] | 62 |
Finske album (Suomen virallinen lista)[99] | 50 |
Franske album (SNEP)[100] | 34 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[101] | 4 |
Italienske album (FIMI)[102] | 10 |
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[103] | 24 |
Norske album (VG-lista)[104] | 24 |
Polske album (ZPAV)[105] | 20 |
Portugisiske album (AFP)[106] | 19 |
Spanske album (PROMUSICAE)[107] | 17 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[108] | 22 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[109] | 15 |
Britiske album (OCC)[110] | 38 |
US Billboard 200[111] | 33 |
Liste (2018) | Plassering |
Polske album (ZPAV)[112] | 32 |
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Argentina (CAPIF)[114] | Gull | 30 000x |
Australia (ARIA)[115] | 7× Platina | 350,000^ |
Austerrike (IFPI Austerrike)[116] | 2× Platina | 100 000x |
Canada (Music Canada)[117] | 3× Platina | 300 000^ |
Frankrike (SNEP)[118] | Diamant | 1,427,200[119] |
Tyskland (BVMI)[120] | Platina | 500 000^ |
Italia (FIMI)[121] | 2× Platina | 200 000* |
Polen(ZPAV)[122] | Gull | 50 000* |
Storbritannia (BPI)[123] | 2× Platina | 600 000^ |
USA (RIAA)[124] | 6× Platina | 6 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.