musikkstykke av Pink Floyd From Wikipedia, the free encyclopedia
«Shine on You Crazy Diamond» er eit musikkstykke i ni delar av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira Wish You Were Here frå 1975. Songen er laga av Roger Waters, David Gilmour og Richard Wright, med tekst av Waters, i 1974 og framført på konsertar det året.[1] Det var først meininga at songen skulle utgjere ei heil vinylside, slik som «Atom Heart Mother» og «Echoes», men songen voks seg lenger enn ei enkel vinylside og måtte delast i to delar. Sett i saman utgjer dei to delane den lengst songen Pink Floyd har spelt inn.
Shine On You Crazy Diamond Song av Pink Floyd frå albumet Wish You Were Here | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. september 1975 | |
Innspelt | Januar - juli 1975 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 26:05 (alle delar) 13:38 (del 1-5) 12:29 (del 6-9) 10:55 (radioedit) 17:32 (Echoes-versjonen) | |
Selskap | Harvest, EMI (UK) Columbia, Capitol (US) | |
Komponist | Richard Wright, Roger Waters, David Gilmour | |
Tekstforfattar | Roger Waters, Richard Wright, David Gilmour | |
Låtskrivar(ar) | Wright, Waters, Gilmour | |
---|---|---|
Produsent | Pink Floyd | |
Stykket er ei hyllest til den tidlegare frontfiguren i bandet Syd Barrett. Tekstlinjer som «Remember when you were young?/You shone like the sun» viser kor mykje bandet verdsette Barrett si tid i bandet. Songtittelen er òg relatert til Barrett sitt kallenamn: Shine on You crazy Diamond. Ordet «Diamond» kan òg mogelegeins tyde LSD, som i The Beatles sin song «Lucy in the Sky with Diamonds», og kan vere ein referanse til Barrett sitt enorme forbruk av LSD.
Remember when you were young,
Roger Waters (1975) |
Part I (Wright, Waters, Gilmour; frå 0:00 – 3:55) byrjar med fleire tangentinstrumentlydar som gradvis kjem inn, laga av ein VCS3-synthesizer, ein ARP Solina, eit hammondorgel og lyden av våte fingrar som vert gnidd rundt kanten av eit vinglas fylt med forskjellige mengder vatn (denne lyden kom frå eit tidlegare Pink Floyd-prosjekt kalla Household Objects, der bandet prøvde å spele inn eit heilt album utan å bruke musikkinstrument). Etter ei stund startar eit enkelt Minimoog-parti og ein lengre gitarsolo av Gilmour. Denne delen endar med at delar av synthesizarlydane gradvis forsvinn inn i bakgrunnen.
Part II (Gilmour, Waters, Wright; frå 3:55 – 6:28) byrjar med eit gitarriff av fire tonar (B, F, G, E) som vert repetert om att og om att gjennom denne delen. Delen inneheld gitarsolo nummer to av Gilmour, og Nick Mason startar opp på trommene. Gitarriffet vert av og til kalla «Syd’s Theme».
Part III (Waters, Gilmour, Wright; frå 6:29 – 8:43) byrjar med ein Minimoog-solo av Wright, etter følgt av den tredje gitarsoloen av Gilmour i ein meir bluesaktig stil.
Part IV (Gilmour, Wright, Waters; frå 8:44 – 11:10) Tekstparitet. Waters syng solovokal med Gilmour, Wright og kordamer på harmonivokal.
Part V (Waters, frå 11:11 – 13:34) Denne delen har to gitarar som speler riffet frå Part II i om lag eitt minutt, før Dick Parry startar ein saksofonsolo. Etter ei stund stoppar det meste av kompet, og berre saksofonen og ein ARP-synthesizer vert igjen i lag med eit arpeggio gitarriff som gradvis forsvinn i bakgrunnen. Til slutt kjem ein maskinlikande dur og songen glir over i "Welcome to the Machine".
Part VI (Wright, Waters, Gilmour; frå 0:00 – 5:00) byrjar med ein ulande vind frå avslutninga av songen før, «Wish You Were Here». Etter kvart kjem Gilmour inn med ein bassgitar, og så Waters med enno ein annan bassgitar. Wright legg seg så på med ARP-strykarar, før Gilmour startar på rytmegitar i lag med trommene til Mason. Ein Minimoog-synthesizer spelar så ein solo, og etter to minutt legg Gilmour seg på soloen med ein lap steelgitar
Part VII (Waters, Gilmour, Wright; frå 5:01 – 6:05) inneheld siste verset og refrenget, identiske til vokalpartia i part IV.
Part VIII (Gilmour, Wright, Waters; frå 6:05 – 9:05) startar med Waters på elektrisk gitar, medan Gilmour spelar eit arpeggio riff, og songen glir over i eit meir funky komp, før han sakte forsvinn i bakgrunnen, medan ein synthesizerakkord heng igjen, og songen glir over i siste del. På konsertversjonar på In the Flesh-turneen i 1977 vart denne delen ofte utvida, og kunne vare opp til 10 minutt.
Part IX (Wright, få 9:05 – 12:31) er siste delen av verket, skriven av Wright, og fungerer som ein sørgemarsj og lovprising av Syd Barrett. Songen inneheld stort sett berre Wright på tangentar og Mason på trommer. Medan songen gradvis forsvinn ut, kan ein høyre ein kort bit av melodien til «See Emily Play» (ved 12:07), ein av Syd Barrett sine mest kjende songar.
Songen vart først spelt på ein fransk turné i juni 1974 som «Shine On». Songen vart introdusert som «Shine on You Crazy Diamond» for første gong på den britiske turnéen i november 1974, og på denne tida vart songen spelt som eit einaste langt stykke utan å vere delt på midten. I tillegg hadde songen utdrag av Barrett sin solosong «Dark Globe».
På den nordamerikanske turnéen i 1975 vart songen spelt i to delar med «Have a Cigar» i mellom. Denne versjonen frå 1975 var ganske lik albumversjonen, men hadde framleis små skilnadar. Bandet spelte heile Wish You Were Here på In the Flesh-turnéen i 1977. Særleg den andre delen av songen kunne vere ein god del lengre enn på albumversjonen, og ofte kunne heile stykket totalt sett strekke seg over 30 minutt.
Del 1-5 av songen vart eit fast innslag i Pink Floyd sine konsertar frå 1987 til 1994, og pla ofte å vere opningssporet, bortsett frå dei elleve første konsertane i 1987 då «Echoes» var opningspor. Ofte vart den tredje gitarsoloen i songen fjerna frå desse konsertane.
I det siste har David Gilmour spelt nesten heile stykket på sine solokonsertar (bortsett frå Del 8 og 9). På On an Island-turnéen sin i 2006 spela han derimot berre Del 1-5 (med nytt arrangement).
Roger Waters spelte òg songen på sine solokonsertar i 1999 og 2000, og ein versjon er med på konsertalbumet hans In the Flesh. I 2002 spelte Waters alle delane av songen (bortsett frå at del 8 var korta ned litt), og i 2006 spelte han ei forkorta utgåve på The Dark Side of the Moon Live-turnéen.
Innspelt frå januar til juli 1975 ved Abbey Road Studios i London.
«Shine On You Crazy Diamond» finst på følgjande utgjevingar:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.