From Wikipedia, the free encyclopedia
Storm Elvin Thorgerson (fødd 28. februar 1944 i Potters Bar i Middlesex, død 18. april 2013)[1] var ein britisk grafisk designar. Han var ein stor del av den britiske grafiske designergruppa kalla Hipgnosis, og designa mange av deira mest berømte singel- og plateomslag. Han er kanskje mest kjend for plateomslaga han designa for Pink Floyd.[2] Designet hans for The Dark Side of the Moon har vore kalla det beste plateomslaget gjennom tidene.[3][4] Mykje av arbeidet hans er kjend for å ha surrealistiske element. Han plasserte ofte lekamar på stader der dei vanlegvis ikkje høyrer heime, særleg med store opne område rundt dei. Det har vorte gjeve ut fleire bøker som omhandlar arbeidet til Storm Thorgerson gjennom den over tretti år lange karrieren hans.
Storm Thorgerson | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 28. februar 1944 Potters Bar |
Død |
18. april 2013 (69 år) |
Yrke | fotograf, designar, grafisk designar, filmregissør |
Medlem av | Hipgnosis, Greenback Films |
Far | Elvin Thorgerson |
Mor | Anna Evangeline Collier |
Storm Thorgerson på Commons |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.