From Wikipedia, the free encyclopedia
Vitry-le-François er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Marne i regionen Champagne-Ardenne og har om lag 17 000 innbyggjarar.
Vitry-le-François | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Champagne-Ardenne Marne | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 6,45 km² | ||
Flatevidd - By |
6,45 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
16 737 2 594/km² | ||
Koordinatar | 48°43′N 04°35′E | ||
Høgd over havet | 105 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 51300 | ||
Heimeside: www.vitry-le-francois.net |
Byen ligg ved elva Marne. Om lag 10 km søraust for byen ligg den største kunstige innsjøen i Frankrike, Der-Chantecoqsjøen.
Byen har fått namn etter Kong Frans I av Frankrike, som lét innbyggjarane byggje opp att byen etter at hæren til Karl V av Det tysk-romerske riket hadde lagt byen grus. Han vart derimot ikkje bygd opp att på nøyaktig same stad. Landsbyen Vitry-en-Perthois, tidlegare kalla Vitry-le-Brûlé, ligg i dag på den gamle staden.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.