From Wikipedia, the free encyclopedia
Der-Chantecoqsjøen (fransk Lac du Der-Chantecoq) er ein innsjø i nordaustlege delar av Frankrike i kommunen Saint-Dizier i Marne og Haute-Marne. Han er den største kunstige innsjøen i Europa med eit areal på 48 km² og 350 millionar kubikkmeter vatn.
Der-Chantecoqsjøen | |||
innsjø | |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Kunstig innsjø | ||
Tilsig | Marne | ||
Utløp | Marne | ||
Areal | 48 km² | ||
Største djupn | 15 m | ||
Volum | 0,35 km³ | ||
Koordinatar | 48°34′57″N 4°45′33″E | ||
Byar | Saint-Dizier, Vitry-le-François, Bar-le Duc | ||
Der-Chantecoqsjøen 48.5825°N 4.7591666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Lac du Der-Chantecoq | |||
Innsjøen vart danna i 1974 som eit reservoar i elva Marne, slik at ein kunne hindre at Seinen i Paris skulle flaume over. Han vert kontrollert av Institution Interdépartementale des Barrages-Réservoirs du Bassin de la Seine. Innsjøen la tre landsbyar under vatn: Chantecoq, Champaubert-aux-Bois og Nuisement-aux-Bois.
I dag er vassport ein populær aktivitet her, som segling, vasski, jetski, vindsurfing, fisking og roing, i tillegg til at området rundt er eit populært friluftsområde.
Dyrelivet er rikt og verna. Kvar vår og haust samlar det seg mange traner her.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.