Vilkitskijøya i Aust-Sibir-havet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vilkitskijøya (russisk Oстров Вилькицкого; Ostrov Vilkitskogo) er den sørlegaste av De Long-øyane nord i Aust-Sibir-havet i Russland. Med eit areal på berre 1,5 km² er ho den minste øya i gruppa. Ho ligg òg bortanfor det permanente isdekket og er isfri. Vilkitskijøya består av djupt erodert nefelin basaltlava[1]
Administrativt høyrer Vilkitskijøya til republikken Sakha
Øya må ikkje forvekslast med Vilkitskijøya i Karahavet, med Vilkitskijøyane (stort sett kalla Dzjekmanøya i dag) som er ein del av Nordenskiöldøyane i Karahavet, eller Vilkitskijøya i Laptevhavet som ligg aust for Tajmyrhalvøya.
Alle desse øyane er kalla opp etter den russiske hydrografen Boris Vilkitskij.