De Long-øyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
De Long-øyane (russisk Острова Де-Лонга, Ostrova De-Longa) er ei øygruppe som ofte vert rekna som ein del av Nysibirøyane i Russland. Dei ligg aust for Novaja Sibir og består av Jeannetteøya, Henriettaøya, Bennettøya, Vilkitskijøya og Zjokhovøya. Desse fem øyane har eit samla areal på 228 km². Med 75 km² er Bennettøya den største av dei. Øyane ligg rundt 77 °N, og er delvis dekte av isbrear. I 1996 var det samla arealet av øyane som var dekt av is og brear 80,6 km².[1] Øygruppa høyrer til republikken Sakha i Russland.
De Long-øyane | |||
øygruppe | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Nysibirøyane | ||
![]() De Long-øyane 76.64333333°N 153.65111111°E / 76.64333333; 153.65111111 | |||
Wikimedia Commons: De Long Islands | |||
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c0/Siberia_DL.png/640px-Siberia_DL.png)
De Long-øyane var ein gong store åsar på Den store arktiske sletta som ein gong danna den nordlege delen av Beringia i sein kvartær mellom Sibir og Alaska under siste glasiale maksimum. Desse øyane er det som er att av ei om lag 1,6 millionar kvadratkilometer stor slette som i dag ligg under Nordishavet og Aust-Sibir-havet. I perioden rundt siste glasiale maksimum var havnivået 100-120 meter under dagens havnivå og kystlinja låg 700–1000 km lenger nord enn i dag. Det var ikkje mykje is på sletta i denne perioden fordi ho låg i regnskuggen til isbreane som dekte Nord-Europa. Det meste av Den store arktiske sletta kom under vatn, bortsett frå Nysibirøyane og andre isolerte øyar, over relativt kort tid, om lag 7000 år, under tidleg eller midt i holocentida.[2][3][4]
I det ekstremt kalde polarklimaet under Siste Glasiale Maksimum, for 17 000-24 000 år sidan, vart det danna små passive isbrear på De Long-øyane. Delar av denne isen er bevart på Jeannette, Henrietta og Bennettøyane. Spor av tidlegare isbrear er bevart på Zjokovøya i form av fjellsider, dalbotnar og is under overflata.[2][4][5]