Nordenskiöldøyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nordenskiöldøyane eller Nordenskjoldøyane (russisk Архипелаг Норденшельда, Arkhipelag Nordensjelda) er ei stor øygruppe aust i Karahavet i Krasnojarsk kraj i Russland. Dei austlegaste øyane ligg 120 km vest for Tajmyrhalvøya.
Nordenskiöldøyane | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Nordenskiöldøyane 76.75°N 96°E / 76.75; 96 | |||
Wikimedia Commons: Nordenskiöld Archipelago | |||
Det er om lag 90, kalde, forblåste og aude øyar i denne øygruppa. Dei består hovudsakleg av magmatiske bergatartar og er dekte av tundravegetasjon. Det er ingen permanente busetnader på nokon av dei.
Nordenskiöldøyane har vorte delte i fleire mindre grupper av geografiske årsaker. Dei største gruppene frå nord til sør er:
- Litkeøyane (острова Литке; Ostrova Litke), 76°49′N 96°36′E. Denne gruppa inneheld Russkijøya (остров Русский; Ostrov Russkij) 77°03′N 96°09′E. Ho ligg heilt nord i øygruppa og er den største øya i Nordenskiöldøyane.
- Austøyane (Восточные острова; Vostiotsjnyje Ostrova), 76° 38' N og 97° 30' E. Denne gruppa inneheld Kolomejtsevøyane (острова Коломейцева; Ostrova Kolomejtseva) 76°56′N 97°48′E.
- Tsivolkoøyane (острова Циволько; Ostrova Tsivolko) 76°44′N 94°38′E.
- Pakhtusovøyane (острова Пахтусова; Ostrova Pakhtusova) 76°37′N 95°53′E.
- Vilkitskijøyane (острова Вилькицкого) eller Dzjekmanøyane 76°25′N 95°15′E.
Nordenskiöldyøane strekkjer seg nesten 100 km frå vest til aust langs Karahavet utanfor kysten av Sibir, der ein finn store kystøyar som Tajmyrøya og Nansenøya.
Klimaet på Nordenskiöldøyane er arktisk og hardt. Havet omkring dei mange øyane er isdekt om vinteren og sjølv stengd av pakkis om sommaren, som berre varer to månader av året.
Øyane er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.