Vilkitskijøya i Karahavet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vilkitskijøya (russisk Остров Вильки́цкого; Ostrov Vilkitskogo) er ei øy i Karahavet. Ho ligg 40 km nordaust for Sjokalskogoøya, utanfor Gydanhalvøya nord i Sibir i Russland. Øya er forblåst og dekt av tundra. Vilkitskijøya er halvmåneforma go er delt i to av eit smalt sund. Ho er 42 km lang, men berre 12 km på det breiaste.
Vilkitskijøya | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Areal | 153,9 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Vilkitskijøya i Karahavet 73.466666666667°N 75.75°E / 73.466666666667; 75.75 | |||
Plasseringa av Vilkitskij- og Neupokojevaøya i Karaahavet
|
Havet omkring øya er dekt av pakkis om vinteren og det er mykje isflak sjølv om sommaren. Det er eit grunt område mellom Vilkitskijøya og naboøya i sør, Neupokojevaøya (Остров Неупокоева).
Vilkitskijøya høyrer til Tjumen oblast og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.
Øya må ikkje forvekslast med dei vesle Vilkitskijøyane, som i dag stort sett vert kalla Dzjekmanøyane på dei fleste kart og som er ein del av Nordenskiöldøyane, Vilkitskijøyaane i Laptevhavet utanfor austkysten av Tajmyrhalvøya, og Vilkitskijøya i Aust-Sibir-havet.
Alle desse øyane er kalla opp etter den russiske hydrografen Andrej Vilkitskij.[1]