Var er eit departementet søraust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur, kalla opp etter elva med same namn.
- For elva med det same namnet, sjå Elva Var
Var | |
---|---|
Våpenskjoldet til Var | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 83 |
Region: | Provence-Alpes-Côte d'Azur |
Préfecture: | Toulon |
Sous-préfectures: | Brignoles Draguignan |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 23 |
Kommunar: | 153 |
Président du conseil général: | Jean-Louis Masson |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 21. |
-1999 | 898 441 |
Folketettleik: | 150/km² |
Landareal¹: | 5 973 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Var er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Provence. I 1860 vart distriktet rundt Grasse, som elva Var renn igjennom, overført til det nye departementet Alpes-Maritimes. Dette er årsaka til at elva som gav namn til departementet, ikkje renn gjennom det.
Departementet er i dag ein del av regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur og grensar til departementa Alpes-de-Haute-Provence i nord (elva Verdon dannar grensa), Alpes-Maritimes i aust, Middelhavet i sør og til Bouches-du-Rhône i vest.
Var er ein variert region på nesten 6 000 km² som inneheld fjell, kyst, sletter og dalar. I nord ligg Gorges du Verdon, eit svært populært område for turgåing og kajakkpadling.
800 km² eller 13 % av det totale arealet vert nytta til jordbruk, som gjev 38 000 innbyggjarar arbeid. Departementet har òg 10 km² med hageområde. Var er den største produsenten av snittblomar i Frankrike, og produserer 500 millionar stilkar i året Buskapen består hovudsakleg av sau (50 000 dyr) og geiter (4 200 dyr). Vinranker dekkjer 345 km² av jordbruksområdet, og dei 4 AOCane (appelation d'origine controlleé) produserer 150 millionar liter vin i året.
Andre viktige jordbruksprodukt er oliven (42 km², ein fjerdedel av alle olivenlundar i Frankrike), fiken (80 % av den totale produksjonen i Frankrike) og honning (800 tonn i året).
Jordbruket gjev eit overskot på 610 millionar euro kvart år, der 45 % av salet er vin og 42 % gartneriprodukt.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.