From Wikipedia, the free encyclopedia
Den USA-amerikanske marinen, engelsk United States Navy (forkorta USN) er marinen til USA. Marinen består av kring 300 skip og over 4 000 stridsklare luftfartøy. Han har kring 430 000 menn og kvinner i teneste og i beredskapsreserven.
Den USA-amerikanske marinen | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1794–dags dato | ||
Grein | Marinen | ||
Type | Sjøkrig | ||
Storleik | 433 500 personnel 289 skip 3700+ luftfartøy 11 hangarskip 10 amfibisk åtaksskip 9 amfibisk transport dock 12 docklandingsskip 22 kryssarar 55 jagarar 30 fregattar 71 ubåtar | ||
Del av | Forsvarsdepartementet Marinedepartementet | ||
Hovudkvarter | Pentagon | ||
Motto | «Non sibi sed patriae» (Ikkje ein sjølv, men landet) (uoffisielt)[1] | ||
Fargar | Blå, gull | ||
Marsj | Anchors Aweigh | ||
Slag/krigar | Den amerikanske sjølvstendekrigen Kvasikrigen Barbareskkrigane 1812-krigen Den meksikansk-amerikanske krigen Den amerikanske borgarkrigen Den spansk-amerikanske krigen Den første verdskrigen Den andre verdskrigen Koreakrigen Vietnamkrigen Golfkrigen Operation Allied Force Operation Enduring Freedom Irakkrigen Anti-piratverksemd ved Somalia | ||
Dekorasjonar | Presidential Unit Citation Navy Unit Commendation Meritorious Unit Commendation | ||
Kommandørar | Chief of Naval Operations ADM Gary Roughead Vice Chief of Naval Operations ADM Jonathan W. Greenert | ||
Luftfartøy nytta | Åtak: F/A-18A/B/C/D, F/A-18E/F
Transportfly: C-2, C-12, C-20, C-40, C-130 |
USN er ei av to separate forsvarsgreiner i Marinedepartementet (Department of the Navy), som høyrer under det amerikanske Forsvarsdepartementet (Department of Defense) - den andre er United States Marine Corps.
Administrativt vert USN styrt av ein stabssjef, ein firestjerners admiral som er den høgaste offiseren til tenesta. Stabssjefen er underlagt marineministeren, ein sivil embetsmann som styrer Marinedepartementet og som igjen rapporterer til forsvarsministeren.
Operativt vert USN styrt av to separate flåtar - ein i Atlanterhavet og ein i Stillehavet. Dei operative ressursane blir forvalta av ni felleskommandoar som operativt rapporterer direkte til den amerikanske presidenten. Totalt sett har US Navy rundt 500 000 personell med fire gonger fleire som reserve.
USN har mange basar for å støtte opp om operasjonar over heile verda. Dei fleste basane ligg langs vest- og austkysten av USA, men dei har òg basar på fleire av dei oversjøiske territoria og i andre land, som Italia og Japan.
Skip som er i aktiv teneste i US Navy har namn som byrjar med USS, United States Ship. Skip som ikkje er sett i aktiv teneste eller er bemanna med sivilt personell har namn som byrjar med USNS, United States Naval Ship.
Hangarskipa til USA opererer med jagarfly av typen Boeing F/A-18C/D og den nyare Boeing F/A-18E/F/G Syp Hornet - som er ein vidareutvikla og større versjon. Jagarfly av typen Grumman F-14 Tomcat er no vorte fasa ut av tenesta til marinen. Dette skjedde hausten 2006, då dei siste vart erstatta av ein leveranse med Supar Hornet. Hangarskipet USS «George Washington» var det siste skipet i marinen til USA som opererte med denne flytypen.
Hangarskipa opererer i Carrier Strike Group med eit hangarskip i kvar hangarskipgruppe. USA opererer i dag med 11 hangarskipgrupper.
Enterprise-klassa
Nimitz-klassa
Gerald R. Ford-klassa (framtidig)
US Navy opererer i 2009 ei klasse kryssarar.
US Navy opererer i 2009 ei klasse jagarar.
US Navy opererer med følgja type ubåtar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.